Svikt i bilsalet – elbilane inntek distrikta

Dei usikre tidene i offshorebransjen får ringverknadar for bilsalet. Strilane i kommunane vestom Bergen kjøpte færre nye bilar i første halvår enn dei gjorde i fjor.

Nye ladbare modellar har gjeve Volkewagen og Golf nye musklar og auka konkurransekraft. Foto: Volkswagen.
Volkewagen er framleis mest selde bilmerkje i kommunane vestom Bergen. Foto: Volkswagen.

(Saka er oppdatert)
Strilane utset i stadig større grad nybilkjøpet, vi køyrer heller den gamle nokre mil til.

Les: Utset siste reis

Innbyggjarane i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden kjøpte totalt 779 nye bilar dei seks første månadane i år. Det er 93 færre bilar enn i same perioden i fjor, eller ein nedgang i salet på 10,6 prosent. Det viser oversikten som Opplysningsrådet for Veitrafikken har utarbeida for Tunnelsyn.no.

Les: Elbilane vinn kampen om nybilkundane

Strilane går mot straumen. På landsbasis auka talet på nyregistrerte bilar med 4,5 prosent.

Elbilar
Også salet av elbilar er på retur, sjølv om elbilane framleis utgjer ein langt større del av bilparken i kommunane vestom Bergen enn i resten av landet.

Nytt av året er det at elbilane ikkje lenger er eit sentrumsfenomen, men at batterikapasiteten no er blitt så stor at elbilane no møter aukande interesse i distrikta. Det kan verka som om både Øygardsstrilar og Sundsokningar i aukande grad lar omsynet for miljøet styra nybilkjøpet.

Fire av ti nye bilar i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden i første halvår er ein elbil. I første halvår 2015 var elbilandelen heile 47,5 prosent.

Askøy sviktar elbilane
Størst har svikten i nybilsalet vore i Askøy. 360 nyregistrerte bilar er heile 69 færre enn til same tid i fjor.

Det kan verka som om Asketappane har akseptert at bompengane er komne for å bli, og at elbileigarane heretter må vera budde på å ta sin del av kostnadane med betre vegar. Askøy hadde i fjor trede høgaste elbilandelen i landet. Sjølv om annankvart nyregistrerte køyretøy i kommunen framleis går på elektrisitet, har salssvikten berre ramma elbilane. Nysalet av bensin- og dieseldrivne bilar er stabilt samanlikna med første halvår i fjor.

Fjell
I Fjell er nedgangen i nybilsalet mindre markant. 339 nyregistrerte bilar er 12 færre enn i fjor. Også her verkar det som om interessa for elbilar er på vikande front, men det vart også seld færre bensin- og dieselbilar.

Optimisme i Øygarden
Øygarden er einaste kommunen i regionen som kan visa til ein liten auke i bilsalet. Totalt kjøpte Øygardsstrilane 35 nye bilar i første halvår, det er to fleire enn i same perioden i fjor.

Talet på nye elbilar auka frå åtte til 17, slik at andelen av nyselde elbilar i kommunen no snart kan måla seg med Askøy.

Miljømedvitne Sundsokningar
Største svikten i nybilsalet var det Sundsokningane som stod for. 45 nyregistrerte bilar i kommunen er 14 færre enn til same tid i fjor, ein nedgang på heile 23 prosent.

Sundsokningane verkar vera meir miljømedvitne i bilkjøpet enn naboane i Fjell og Askøy. Nybilkjøparane i Sund er trufaste mot elbilane, slik at heile salssvikten her har ramma bensin- og dieseldrivne bilar.

Kommune

Totalt 2016 Totalt 2015 Endring 2016 Elbilar 2016
Fjell 339 351 -15 115
Askøy 360 429 -69 180
Sund 45 59 -14 15
Øygarden 35 33 2 17
Totalt 779 872 -93 327
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.