Konkursras i Fjell og Askøy

Talet på konkursopningar har eksplodert i Fjell og Askøy første halvår i år samanlikna med i fjor.

sjangerbilde lover 200Mange har uttrykt frykt for at krisa i offshorebransjen skulle få ringeverknadar i form av konkursar i levarandørindustrien.

Les: Rådmann Steinar Nesse fryktar konkursras

Både i Fjell og i Askøy har det skjedd ein veldig auke i talet på konkursopningar i første halvår i år samanlikna med same perioden i fjor, viser innmeldingane til Brønnøysundregistra.

Dobling i Fjell
Heile 21 verksemder i Fjell valde å kasta korta i løpet av dei første seks månadane i år. Det er meir enn dobbelt så mange som i same perioden som i fjor.

Tredobling i Askøy
I Askøy er talet på konkursar meir enn tredobla, frå fem til 16, i same tidsperioden.

Einskildpersonføretak
Oversikten bekreftar at strilane for tida har mindre pengar mellom hendene.

Offshorerelaterte aktivitetar er tilsynelatande ikkje spesielt hardt råka. Dei konkursråka verksemdene i Fjell og Askøy hadde tilknyting til eit breidt spekter av bransjar.

Det kan verka som om det er ei lita overvekt av einskildpersonføretak mellom dei konkursråka.

Slapp unna
I Sund og Øygarden har det ikkje vore konkursar i første halvår i år. Dei seks første månadane i fjor var det to føretak i Sund og tre i Øygarden som ikkje lenger hadde økonomisk grunnlag for vidare drift.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.