Med ROV i fiskemerda

Atle Dåvøy har teke kunnskapen sin frå oljebransjen over i havbruksnæringa. No køyrer han ROV i merdene til Blom Fiskeoppdrett AS. Som ein ekstra bonus er han blitt skippar på eiga skute.

Atle Dåvøy viser fram ROV-en. Inspeksjonsverktøyet er utstyrt med tre videokamera og lyskastarar.
Atle Dåvøy viser fram ROV-en. Det fjernstyrte inspeksjonsverktøyet er utstyrt med tre videokamera og lyskastarar. Sjølv sit Dåvøy tørt og trygt i det spesialinnreia kontrollrommet ombord på servicefartøyet.

Med 50-årsdagen like rundt hjørna, tenkte den erfarne subsea-eksperten ”no eller aldri” då han fekk tilbod om å hoppa av oljebransjen og verta første fast tilsette ROV-operatøren i Blom Fiskeoppdrett AS på Ulvøy i Øygarden.

– Eg ville ha ein meir operativ jobb, seier Dåvøy som var lei av å sitja storparten av arbeidsdagen bak eit skrivebord på Ågotnes.

Kompetanseoverføring
I subsea-klynga på Ågotnes meistrar dei avansert høgteknologi som dei ønskjer skal spreiast til andre næringar. Offshorekrisa aktualiserer behovet for kompetanseoverføring. Atle Dåvøy er eit døme på at fagfolk med kompetanse som er tileigna i oljebransjen kan nyttast i andre næringar.

Les: Oppsagte offshoretilsette finn ny jobb i andre næringar

Auka tryggleik
Ei fiskeoppdrettsverksemd er pålagt strenge krav til tryggleik. Rømming og havari er to av områda der Staten følgjer godt med på at konsesjonshavarane oppfyller krava.

Blom Fiskeoppdrett har åtte konsesjonar der nota og fortøyningane skal inspiserast med jamne mellomrom. Det skal utarbeidast prosedyrer for gjennomføringa, og inspeksjonane skal dokumenterast.

Fjernstyrt undervassfarkost
ROV er forkorting for remote operated veichle, eller på godt norsk, ein fjernstyrt undervassfarkost. Utstyrt med videokamera, og styrt frå eit kontrollrom i moderfartøyet gjennom ein fiberoptisk kabel, er utstyret mykje nytta mellom anna i samband med inspeksjonsoppdrag offshore.

Blom har tidlegare leigd inn ROV-operatør i samarbeid med dykkarar. Etterkvart har omfanget blitt såpass stort at dei ønska å ha kompetansen internt. Det er ein fordel også med tanke på reaksjonstid. No slepp dei venta på eksterne når det er noko ein ønskjer å kontrollera, fortel teknisk sjef Martin Blom som også er ein av eigarane i familieverksemda.

Inspeksjon
Med bakgrunn både frå HMS og som ROV-operatør, var Dåvøy som skreddarsydd for oppgåva då Blom Fiskeoppdrett ønska å tilsetja eigen ROV-kompetanse.

Som ROV-operatør er det Dåvøy si hovudoppgåve å inspisera fiskemerder og fortøyingar, og dokumentera at nota er utan hol og at anlegget ligg trygt forankra.

Høgteknologi
Tilsetjinga innebar at fiskeoppdrettsverksemda investerte i eigen ROV. For det høgteknologiske utstyret som er utvikla mellom anna i samarbeid med jagerflyprodusentar, måtte Blom ut med i underkant av fire millionar kroner.

Erstatta dykkarar?

Det er ein ekstra bonus for fiskarsonen Atle Dåvøy at han som del av jobben i Blom Fiskeoppdrett er blitt skippar på eiga skute.
Det er ein ekstra bonus for fiskarsonen Atle Dåvøy at han som del av jobben i Blom Fiskeoppdrett er blitt skippar på eiga skute.

No ser Blom for seg at ROV-en etterkvart kan verta utstyrt med verktøy for fjernstyring av einkle arbeidsoppgåver, som til dømes opning av ventilar eller kutting av kablar.

– Med tida vil ROV kunna erstatta dykkarar i havbruksnæringa, hevdar Dåvøy.

Dagens merder stikk djupare enn dei fleste yrkesdykkarar kan operera, og fortøyningane kan gå så djupt som ned til 500 meter. Med ROV-en kan Dåvøy gjennomføra dagelange inspeksjonsoppgåver på store djup utan å måtta tenkja på behov for dekompresjon.

Framtidsplanar
Auka behov for inspeksjon, kombinert med utstyr for å utføra nye oppgåver, kan føra til at Blom etterkvart investerer i eit eige spesialfartøy for ROV, med eit heilt team av spesialister ombord, antydar Dåvøy og får støtte av Martin Blom.

Kort tid på mobilisering, kombinert med konkurransedyktige prisar, gjer at også oljebransjen kan finna det attraktivt å leiga inn ROV-farkosten til einklare inspeksjonsoppdrag med kort varighet. I dag er Dåvøy på sitt første oppdrag for Statoil.

Skippar på eiga skute
Dåvøy angrar slett ikkje på bytet av arbeidsplass. No trivest han som fisken i vatnet:

Som ein ekstra bonus er han dessutan blitt skippar på eiga skute. Undervegs til og frå inspeksjonsoppdrag med ROV-en er det han som fører servicefartøyet.

– Eg har funne draumejobben i havbruksnæringa, smiler den tidlegare subsea-spesialisten Atle Dåvøy.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s