Flyttar helikoptertrafikken vekk frå Turøy

Folk på Turøy, Misje og Solsvik skal sleppa plagsam helikoptertrafikk over hovuda på klårversdagar frå og med i morgon.

helikopter
Helikopterhavariet ved Turøy har skapt frykt hos mange innbyggjarar i nordre Fjell og søre delane av Øygarden.

I etterkant av den tragiske helikopterulukka i vår, kontakta Fjell og Øygarden kommunar Avinor om å få flytta innflygingstraseane vekk frå ulukkesområdet.

Sist veke vart dei samde om at helikoptra på dagar med klårver ikkje lenger skal fly over busetnaden på Turøy. Dei skal i staden fly lenger sør. Endringane vart innført frå og med i morgon, fredag 8. juli.

Redusera frykt
– Dette gjer vi av helsemessige årsakar, for å redusera frykt. Vi veit det er folk i Nordre Fjell og søre delen av Øygarden som slit med å koma over ulukka. Når det går helikopter over hovuda deira fleire gongar for dagen vert det vanskeleg, seier ordførar Marianne Bjorøy i Fjell til Tunnelsyn.no.

Klårver
Endringa av innflygingstraseen vil berre skje på dagar med visuell innflyging. På dagar med dårleg sikt der piloten må flyga etter instrument, vil helikoptra, i alle fall inntil vidare, følgja same ruta som i dag, seier lufthavnsjef Aslak Sverdrup i Avinor.

Støy
På møtet med Avinor ønska politikarane å ta opp heile problemstillinga knytta til helikoptertrafikken, men då først og framst med tanke på å få redusert støyen, særleg over Litle Sotra, fortel Bjorøy.

Opptek mange

Marianne Bjorøy
Det er støyplagane frå helikoptertrafikken, ikke tryggleiken for innbyggjarane, som har stått i fokus i diskusjonane med Avinor om varig endring av innflygingstraseen over Litle Sotra, ifølgje ordførar Marianne Bjorøy.

-Støy frå helikoptertrafikken opptek mange på Sotra, også på Bjorøy der eg bur. Her finst det ingen einkle løysingar som kan innførast raskt. Helikoptra må over kommunen på ein eller annan stad. No jobbar vi med å finna ei trase der det bur færrast mogeleg, seier Bjorøy.

– Endringa av traseen over Turøy er ein midlertidig strakstiltak, understrekar Sverdrup.

På lang sikt er han optimist med tanke på å få innført varige endringar i traseen som kan føra til at færre innbyggjarar på Sotra vert påverka av helikopterstøy.

Sikkerhet ikkje-tema
Ordføraren i Fjell ser at innbyggjarar også andre stadar i kommunen kan ha blitt skremte av ulukka ved Turøy. Hadde ulukka skjedd eit halvt minutt seinare kunne helikopteret, i alle fall i teorien, ha dotte ned over rådhuset i Fjell. Sikkerheten for innbyggjarane i andre delar av kommunen har likevel ikkje vore tema i samtalane med Avinor, ifølgje Bjorøy.

Les: Helikopterhavariet aktualiserer velkjend problemstilling

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s