Vann kampen mot lakselusa – fekk lusent resultat

Kampen mot lakselus og utestenging frå den russiske marknaden. Begge delar bidrog til at Blom Fiskeoppdrett fekk eit lusent resultat for fjoråret.

Frå visningsanlegget i Øygarden. Foto: Morten Wanvik.
Frå Blom Fiskeoppdrett sitt visningsanlegget i Øygarden. Foto: Morten Wanvik.

Blom Fiskeoppdrett AS på Ulvøy i Øygarden produserte 10.000 – 11.000 tonn aure og laks til ein samla verdi på 283 millionar kroner i fjor. Marknaden verdsette fisken til 20 millionar kroner meir enn i 2014. Driftsresultatet derimot sokk som eit blylodd og enda på 500.000 kroner, heile 31,4 millionar kroner svakare enn året før.

Oppskrift mot lakselus

utsstenginga .....
Investeringa i utstyr for termisk avlusing har svara til forventningane, seier teknisk sjef Martin Blom i Blom Fiskeoppdrett AS.

Teknisk sjef Martin Blom, som også er ein av eigarane i familieverksemda, tilskriv det svake resultatet to hovudårsakar: Kampen mot lakselus, og utestenginga av norsk aure frå den russiske marknaden.

Det har kosta i form av investeringar, men no har Blom Fiskeoppdrett AS på Ulvøy i Øygarden funne oppskrifta på korleis verta kvitt lakselusa, ifølgje Martin Blom.

– Blom har ikkje brukt kjemikalier i lusekampen siste halvanna året, seier teknisk sjef til Tunnelsyn.no.

Termisk avlusing

Når fisken vert pumpa gjennom eit rør med vatn varma opp til inntil 34 grader, døyr lakselusa. Foto: Ocea.
Når fisken vert pumpa gjennom eit rør med vatn varma opp til inntil 34 grader, døyr lakselusa. Foto: Ocea.

Fiskeoppdrettsverksemda i Øygarden er ein av pionerbrukarane på det termiske avlusingsutstyret Thermolicer.

Prinsippet er einkelt. Når leppefisken i merda ikkje lenger klara halda lakselusa i sjakk, vert oppdrettsfisken pumpa gjennom eit røyrsystem med vatn varma opp inntil 34 grader. Lusa døyr. Laks og aure toler den hardhendte behandlinga i ein kort periode.

– Eg opplever at satsninga på Thermolicer har vore rett. No klarar vi halda lusenivået under grensa på 0,5 lus per fisk, konstaterer Blom.

Fleire tiltak
Investeringa i det termiske avlusingsanlegget er eitt av fleire grep Blom har teke for å vinna kampen mot lakselusa. Oppkjøp av smoltanlegg og utsetjing av større yngel som skal stå kortare tid i sjøen, er eit anna tiltak. Liten yngel er meir sårbar for lakselus, og når han må stå lengre tid i sjøen, får lusa betre vilkår, forklarar Blom.

Ein høgare andel aure framfor laks i merdene bidreg og til å halda lakselusa i sjakk. Auren er meir resistent mot lakselus enn laksen er.

Utestengd frå Russland
Den strategiske satsinga på aure bidrog likevel til søvnlause netter i eigarfamilien i fjor. Russland har i fleire år vore ein viktig marknad for auren frå Øygarden, men i fjor vart det bråstopp då Russland stengde grensa for norsk aure.

– Satsinga på aure gav oss eit stort tap i fjor, konstaterer Blom.

Rekordår i 2016?
Nærast over natta måtte dei snu seg rundt og finna nye marknadar. No endar auren frå Øygarden på middagsborda i USA og EU-landa istaden. Prisnivået byrjar også å nærma seg det dei får for laks.

Halvvegs ut i 2016 går alt så mykje betre for oppdrettsverksemda i Øygarden:

– Dette året vert kanskje det beste nokon gong, smilar Martin Blom.

Aure
Sjølv om lakseprisen siste året har gått nærast til himmels, skal Blom framleis satsa på aure:

– Aure er ein mykje betre fisk. Han er sunnare og mindre utsett for eindel sjukdomar. Han får heller ikkje så mykje lus, seier teknisk sjef Martin Blom i Blom Fiskeoppdrett AS.

Blom Fiskeoppdrett har åtte konsesjonar fordelt på 10 lokalitetar. Kvar konsesjon tillet dei å ha inntil 780 tonn i merdene. Fordelinga av laks og aure er det opp til konsesjonshavarane sjølv å avgjera.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s