– Arbeidsministeren skyv det økonomiske ansvaret over på kommunane

Fjell har til no halde døra vidopen for flyktningar og asylsøkjarar, i tiltru at Staten vil dekka kostnadane inntil dei nye innbyggjarane er komne i arbeid og er sjølvforsørga. No varslar Regjeringa innskrenking i trygderettane. Ordførar Marianne Bjorøy (A) er bekymra for konsekvensane.

Marianne Bjorøy
Ordførar Marianne Bjorøy i Fjell nyttar sommaren til å setja seg inn i Regjeringa sitt forslag til endringar i trygdeordningane for flyktningar og asylsøkjarar.

Ordførar Marianne Bjorøy i Fjell nyttar sommaren til å setja seg inn i Regjeringa sitt høyringsnotat til endringar i trygderegelverket sett i lys av asylsøkjarsituasjonen.

Vil ha behovsprøvde ordningar
Det er arbeidsminister Anniken Hauglie (H) som har varsla full gjennomgang av dei norske velferdsordningane som asylsøkjarar og flyktningar nyt godt av. Til no har dette i stor grad vore generelle ordningar med eit fast kronebeløp per hovud for alle som vert omfatta av ordninga.

– Staten vil skyva det økonomiske ansvaret for flyktningar og asylsøkjarar over på kommunane, fryktar Bjorøy.

Vanskeleg å rekna på
– Høyringsnotatet er såpass vagt formulert at det er fullstendig uråd å seia korleis dei føreslegne endringane vil slå ut i kroner og øre for ein kommune som Fjell, seier Bjorøy.

Mest urovekkjande er det at Regjeringa legg opp til at fleire av trygdeordningane heretter skal verta behovsprøvde.

Må ha starthjelp
Ordføraren fryktar at bortfall av dei generelle ordningane vil medføra at inntektsgrunnlaget til dei einskilde vil verta for lavt til å leva av, slik at dei vil verta avhengig av kommunal sosialhjelp.

– Flyktningane er som oss, dei vil ha ein jobb og vera uavhengige, same kvar dei kjem frå. Dei må likevel ha starthjelp i ein overgangsfase til dei har fått seg jobb og er i stand til å forsørga seg sjølv, seier Bjorøy.

Sosialhjelp og andre behovsprøvde stønadar må løyvast av kommunane sine frie midlar, i konkurranse med mange andre naudsynte tiltak.

Merknad
Marianne Bjorøy varslar alt no at Fjell vil senda merknad til høringsframlegget. Fristen er 1. november.

Her kan du lesa Regjeringa sitt forslag til endringar i trygderettane til flyktningar og asylsøkjarar

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s