Hordaland fylkeskommune går på børs

Når det offentlege sine investeringsbehov overgår utlånsgrensa i Kommunalbanken, og alarmklokken kimer i Riksrevisonen, er Oslo Børs nærast. Hordaland fylkeskommune er nummer to på lista over nye offentlege obligasjonsutstedarar med størst låneopptak i år.

Oslo Børs. Foto: Stein Henningsen.
Oslo Børs. Foto: Stein Henningsen.

Ringeveg vest byggetrinn 2, Askøypakken og Arefjord – Storskaret. Store samferdselsprosjekt som skal betra framkomsten for bilistar også i region vest, står i kø for Hordaland fylkeskommune i år.

Heftig investeringsbudsjett
Fylkespolitikarane legg opp til eit heftig investeringsbudsjett på heile3,3 milliardar for å realisera dei mange prosjekta. Dei nye samferdselsprosjekta stikk av med 2,5 milliardar.

Kommunalbanken, kommunane sin viktigaste långjevar, har redusert utlånet i første kvartal. For kapitaltrengjande fylkeskommunar som Hordaland står då obligasjonsmarknaden att som eit alternativ.

925 millionar
Hordaland fylkeskommune gjekk på børs i februar i år, og har seinare teke opp to obligasjonslån på til saman 925 millionar kroner, ifølgje ein oversikt frå Oslo Børs.

Berre i Akershus fylkeskommune overgår dei låneiveren i Hordaland. Hovudstaden sitt tvillingfylke lånte heile 1.250 millionar kroner på Oslo Børs i første halvår i år.

Åtvarar mot høg lånegjeld
Låneopptaket på Oslo Børs bidreg til at gjeldsgraden til Hordaland fylkeskommune aukar frå 102 til 112 prosent.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal likar politikarane sin låneiver dårleg:
– Fylkeskommunen si lånegjeld er for høg, hevdar fylkesrådmannen i Hordaland i budsjett- og økonomiplanen for 2016.

Høge kapitalutgifter
– Hordaland fylkeskommune er mellom dei fylkeskommunane i landet som ligg høgast rekna etter gjeldsgrad, og vesentleg over det nivået Riksrevisjonen har tilrådd, skriv fylkesrådmannen. Han varslar redusert investeringstakt i åra som kjem.

Den høge lånegjelda fører til høge kapitalutgifter for Hordaland fylkeskommune. Renter og avdrag stikk av med heile 694 millionar dette året. I 2019 kan summen ha kome opp i heile 900 millionar, åtvarar fylkesrådmannen.

Les: Grunnleggjande ueininge om kommuneøkonomien

Les: På Riksrevisjonen si OBS-listen

Strøymer til Børsen
– Kommune-Norge strøymer til Oslo Børs for å låna pengar, hevdar kommunikasjonsdirektør Per Eikrem i Oslo Børs i ei pressemelding.

Oslo Børs tilbyr fylkeskommunar og kommunar børsnoterte obligasjonslån til konkurransedyktige vilkår. Børsinvestorane sin samla uteståande eksponering mot fylkeskommunar og kommunar utgjer for tida 49 milliardar kroner. Oslo kommune er desidert største offentlege låntakaren, med heile 28 milliardar kroner uteståande.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s