Natthagen

Rosene i natthagen lyser i julinatta. Natthagen er Skandinavias svar på klostrene sine sansehagar.

Nord - sør aksen vert dominert av Mme. Plantier og Pauls Himalyan Musk.
Nord – sør aksen vert dominert av Mme. Plantier og Pauls Himalyan Musk.

Klosterhagane i mellomalderen skulle stimulera alle fem sansar. I ein natthage er det syn, duft og kjensle som dominerer.

Inspirert av Annemarta Borgen og ”Rosehagen på Knatten” gjekk ein nybakt og optimistisk hageeigar i gang med å skapa sin eigen natthage på den lunaste plassen på tomten. Kvite roser, helst moseroser, skulle lysa opp i skumre sommarnetter, og krydra lufta med roseparfyme, var tanken.

Sesongstart
Natthage har det blitt, men litt annleis enn hageeigaren hadde planlagt.

Den første magnoliaknoppen.
Den første magnoliaknoppen.

Natthagen er vinkelforma. Mellom den lune nord – sør aksen og den meir verutsette aust – vest aksen står to kvite rododendron og ein kvit magnolia. Kring påsketider innleiar dei sesongen.

Duft

Mme. Plantier er ei historisk buskrose som duftar fantastisk.
Mme. Plantier er ei historisk buskrose som duftar fantastisk.

I nord – sør aksen har eg hovudsakleg planta historiske roser. Buskrosa Mme. Plantier og klatrerosa Pauls Himalayan Musk var mellom dei første som vart planta ut. Begge har vakse seg store, blømer rik og kappast om å vera blikkfanget i dagens natthage. I dei lyse sommarkveldane no tidleg i juli spreier dei ei fantastisk duft i hagen.

Pauls Himalayan
Pauls Himalayan

Tusenbladrosa Mme. Plantier får ofte eit grønt auge midt i den fylte, spirkvite rosa. Pauls Himalayan er sart og svakt rosa. Mangelen på storleik på dei små opne rosene kompenserer han med kvantitet. Pauls Himalyan never walk alone.

Alfred Delmas

Alfred Delmas - den "beste" moserosa, spør du meg.
Alfred Delmas – den «beste» moserosa, spør du meg.

Roser har kome, roser har gått i desse 15 åra. Ilse Krohn Superior, Aspirin, Gråsten, Winchester Cathedral og A White Shade of Pale er mellom dei som trivest.

Alfred Delmas er einast kvite moserosa som har svart til hageeigaren sine tidlege forventningar.

Vill-roser

Kystkvitrose er ei av dei aller eldste historiske rosene.
Kystkvitrose er ei av dei aller eldste historiske rosene.

”Vill-rosene” dominerer aust – vest aksen. Store, buskete Alba Rugosa, saman med Kystkvitrose og Blanche Double de Coubert, dannar ein tett og vernande vegg mot kald nordavind. Kandiske Louis Bugnet, Elfe og El Areana har ingenting mot at dei meir robuste slektningane tek støyten når arktiske vindar kjem feiande frå nord.

El Areana.
El Areana.

Lykkefunn
Kvite roser har eg også planta andre stadar i hagen. Velvaksne Lykkefunn utgjer ein heil natthage aleine der ho står med hundrevis av kvite, velduftane roser mot ein gammal steingard.

Med hundrevis av små kvite roser er Lykkefunn nesten ein heil natthage aleine.
Med hundrevis av små kvite roser utgjer Lykkefunn nesten ein heil natthage aleine.

Les: Lykkefunn

Schneewittchen og den svakt ferskenfarga Sangerhausen Jubileumsrose er kontrastar i den ”blå” hagen.

Sangerhausen Jubileumsrose er relativt ny i hagen, men ho imponerer med rik og langvarig bløming. Fin til snitt. Ferskenfargen bleiknar til krem i utsprungne roser.
Sangerhausen Jubileumsrose er relativt ny i hagen, men ho imponerer med rik og langvarig bløming. Fin til snitt. Ferskenfargen bleiknar til krem i utsprungne roser.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s