Desse stikk av med omstillingsmidlane

Sist veke skreiv Tunnelsyn om Atle Dåvøy som hadde teke kompetansen sin frå subsesbransjen og fått ny jobb innan havbruk. No har GCE Subsea fått pengar frå Regjeringa for at fleire skal kunna gjera som han. Men pengedrysset over Sotra- og Askøyverksemdene stoppar ikkje der…

Verksemder og næringsorganisasjonar med tilknyting til Sotra og Askøy stikk av med 4,5 millionar kroner av Regjeringa sin ekstrapott til omstilling i kommunar som er ramma av nedskjæringane i offshoresektoren.

CCB har inngått ein landsdekkjande rammeavtale med Statoil om vedlikehald på undervassutstyr.
Verksemder og næringsorganisasjonar med tilknyting til Sotra og Askøy har fått tildelt 4,5 millionar kroner til omstillingstiltak i offshore-næringa.

Det vart i dag klart at ti av søkjarane om midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin ekstrapott får pengar i denne runden.

Les: Kamp om omstillingsmidlane

Det er Hordaland fylkeskommune som forvaltar dei 20 millionane. I denne runden vert det delt ut 14 millionar til verksemder og næringsorganisasjonar på Sør- og Vestlandet.

35 prosent
Dei utvalde prosjekta har fått opp til 35 prosent finansiering av tiltaket dei har søkt om. Det har vore viktig at næringa sjølv går inn med midlar og ressursar, både for å forankra prosjektarbeidet i bedriftene og for å sikra kvaliteten. At prosjektet er forankra i næringslivet har vore heilt avgjerande for tildeling, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Av dei ti prosjekta som lever opp til omstillingsutvalet sine krav, har heile fem tilknyting til Sotra og Askøy.

GCE Subsea på Ågotnes skal på vegne av næringsklyngene forvalta 1,37 millionar kroner til kompetanseheving, innovasjon og nyskaping. Dei skal bistå oljeservicebedrifter med nødvendig omstilling i form av kostnadsreduserande tiltak, bidra til auka kompetanse og overføring av teknologi til nye marknader.
Smart Suite, Sub Sea Services er tildelt 1.3 millionar til å hjelpa gründerbedrifter å nå ut i den internasjonale marknaden.

Kompetanseoverføring

Fjernstyrte undervassfartøy er noko offshoreindustrien har brei erfaring med. Atle Dåvøy viser at kompetansen kan koma godt med også i havbruksnæringa.
Fjernstyrte undervassfartøy er noko offshoreindustrien har brei erfaring med. Atle Dåvøy viser at teknologien kan koma godt med også i havbruksnæringa.

Sist veke skreiv Tunnelsyn om Atle Dåvøy som har teke kompetansen sin frå offshoresektoren og fått seg ny jobb innan

fiskeoppdrett.  No har GCE Subsea  fått tildelt 763.000 kroner til prosjektet «Frå Olje og Gass til Havbruk», slik at fleire skal kunna gjera som Dåvøy. I samarbeid med NCE Seafood skal dei bidra til overføring av havteknologi og kompetanse frå olje/gass til havbruk.

Gode Sirklar er tildelt 600.000 kroner til å utarbeida utviklingsplanar og initiera utviklingstiltak for 12 verksemder i Sotra Industrial Group.

Askøy kommune er tildelt 530.000 kroner til leiing av prosjektet «Homesourcing». Næringssjefen i kommunen skal kartlegga potensialet i regionale og lokale leverandørverksemder for å auka leveransane til petroleumsindustrien. Prosjektet er forankra i Framo, One Subsea, Karsten Moholt og Frydenbø Industrier.

Totalt kom det inn 33 søknadar om over 60 millionar kroner.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.