Stadig fleire strilar avhengig av sosial stønad

Stadig fleire strilar fell utanfor i arbeidslivet, særleg dei unge er utsett. Kommunane sine utgifter til sosialtrygd eksploderer. Mest urovekkjande er utviklinga i Øygarden.

Utvikllinga i talet på mottakarar av sosialhjelp i åra 2011 - 2015. Størst har auken vore i Fjell og Øygarden.
Utvikllinga i talet på mottakarar av sosialhjelp i åra 2011 – 2015. Størst har auken vore i Fjell og Øygarden.

Arbeidsinnvandrarane har dei seinare åra i aukande grad innteke dei låglønte jobbane utan krav til fagopplæring i det lokale næringslivet. I ei tid med aukande arbeidsløysa vert resultatet at stadig fleire strilar no står utan jobb og inntekt, eller at vi må nøya oss med deltidsarbeid. Verst ramma er ungdomar i alderen 18 – 24 år, viser KOSTRA-tala.

Tydeleg trend
Trenden er tydeleg, sjølv om situasjonen i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy varierer mykje: I tre av dei fire kommunane vert stadig fleire innbyggjarar avhengig av sosiale ytingar. Kommunane sine utgifter eksploderer.

Lyspunkt i Sund
Smilekommunen sør på Sotra framstår som lyspunktet i ein region der talet på mottakarar av sosialtrygd har auka urovekkjande siste fem åra.

151 sundsokningar måtte i fjor ha økonomisk hjelp frå kommunen i kortare eller lengre tid for å overleva. Det var 15 færre enn i 2011.

Kutta budsjettet
Berre 33 av dei 151 sundsokningane var avhengig av sosialhjelp i meir enn seks månadar, og berre 27,8 prosent av dei hadde sosialhjelp som hovudinntektskjelde. Det var likevel 7,5 prosent fleire enn i 2011.

Som eit resultat av den positive utviklinga sank Sund kommune sine samla ytingar til naudsynt livsopphald for innbyggjarane med 22 prosent frå 2011 til 2015. Budsjettposten utgjorde 3,96 millionar kroner i fjor.

Fjell

Utviklinga i kommunane sine samla utbetalingar i sosial stønad i åra 2011 - 2015.
Utviklinga i kommunane sine samla utbetalingar i sosial stønad i åra 2011 – 2015.

Langt dei fleste sosialhjelpmottakarane finn vi i Fjell. Heile 597 fjellsokningar, tilsvarande 2,4 prosent av innbyggjarane, måtte søkja kommunen om økonomisk hjelp til livsopphald i kortare eller lengre tid i fjor.

Den politiske baktanken med sosiale ytingar er at dei skal vera såpass låge at mottakaren skal finna det meir attraktivt å få seg løna arbeid. Men lågaste månadlege snuttutbetalingane i regionen, berre 6.732 kroner, stimulerer likevel ikke fjellsokningane til å verta sjølvforsørga.

Vel tredelen av dei 597 trong økonomisk hjelp i meir enn seks månadar, og 54,1 prosent av mottakarane hadde sosialhjelp som viktigaste inntektskjelde i fjoråret.

Samla utbetalingar frå Fjell kommune var på vel 18 millionar kroner i 2015. Ein auke på 35 prosent samanlikna med 2011.

Lågare satsar – høgare utbetalingar
I Askøy har sosialsatsane i fleire år lege under snittet på landsbasis. Dette kan vera forklaringa på at andelen av innbyggjarar som mottok sosialtrygd i fjor var den lågaste i regionen.

Les: Stemte mot å følgja nasjonale satsar for sosialhjelp

Trass i at heile 412 asketappar måtte ha økonomisk bistand frå kommunen i fjor, er Askøy likevel den kommunen i regionen der lågast andel av innbyggjarane tyr til kommunen i ei økonomisk knipe.

Berre 1,5 av innbyggjarane i Askøy tok mot kommunal sosialhjelp i året som gjekk. Desse 412 mottok i snitt 8.513 kroner i månaden i støtte, heile 1.781 kroner meir enn kva mottakarane i Fjell fekk.

Også ungdomen klarar seg bra økonomisk i Askøy, skal vi tru statistikken. Berre 4,4 prosent av innbyggjarane i alderen 18 – 24 år tok mot noko form for økonomisk støtte frå kommunen.

Vidare forsking?
Statistikken indikerer også kortare stønadsperiode i Askøy enn i dei andre kommunane. Knapt tre av ti mottakarar i Askøy tok mot sosial stønad i meir enn seks månadar.

Samstundes var det heile 46 prosent som hadde sosialstønad som hovudinntektskjelde. Er det nok til å leva av? Kva levde dei andre av? Fekk dei ein jobb som var dårlegare betalt enn sosialsatsane? Levde dei av foreldra eller partnaren si inntekt?

Talmaterialet reiser ein del interessante spørsmål som det er grunn til å forska vidare på.

Dobling i Øygarden
Store geografiske avstandar kombinert med dårleg bussamband, gjer at Øygarden i mindre grad er integrert i den felles bu- og arbeidsmarknaden i Bergensregionen enn dei øvrige kommunane.

Det er neppe heile forklaringa på at talet på sosialhjelpsmottakarar i Øygarden har blitt meir enn dobla desse fem åra. Dei hjelpetrengjande utgjorde i fjor heile 4,5 prosent av innbyggjarane i kommunen.

Les: Tre gongar så mange sosialhjelpsmottakarar i Øygarden

Tapt generasjon
Verst er det for dei unge. I aldersgruppa 18 – 24 år var det heile 13,6 prosent som levde av sosialstønad i ein periode. Det er nær dobbelt så stor andel som i Fjell og Sund. I Øygarden kan vi snakka om ein tapt generasjon.

Heile 216 øygardsstrilar måtte ha offentleg hjelp til å betala naudsynte rekningar i 2015. Seks av ti av dei hadde dei kommunale ytingane som hovudinntekt. Heile 97 personar – nær tre gongar så mange som i 2011 – måtta ha økonomisk hjelp i meir enn seks månadar.

Utgiftseksplosjon
Gjennomsnittleg stønad til kvar mottakar per månad var 9.422 kroner. Fordelt per mottakar utgjorde det 51.907 kroner for heile året, eller 6.314 kroner meir enn i Bergen.

Resultatet er ein eksplosjon i dei samla utgiftene til sosialhjelp i Øygarden, frå 3,4 millionar til 11,2 millionar kroner.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s