For å kunna auka produksjonen på grunne lokalitetar med liten straum, har Blom Fiskeoppdrett utvikla ein teknologi for oppsamling av avfall og slam frå merdene.
Blom Fiskeoppdrett på Ulvøy i Øygarden har søkt om åtte utviklingskonsesjonar, kvar på 7.800 tonn i tillegg til dei åtte dei har frå før, fortel teknisk sjef Martin Blom i Blom Fiskeoppdrett AS.
Løysa bransjeutfordringar
Søknaden vart sendt etter at Nærings- og fiskeridepartementet i fjor haust lyste ut utviklingsløyve for oppdrettarar som ønskjer å utvikla teknologi som kan bidra til å løysa dei miljø- og arealmessige utfordringane som havbruksnæringa står ovanfor.
Vanskelege lokalitetar

– For å kunna auka produksjonen, er det nødvendig å tenkja miljø, seier Blom.
Utviklingskonsesjonane vil Blom Fiskeoppdrett nytta til å testa ut den patentsøkte miljøteknologien Biometis.
Bellona
Blom har fleire grunne og straumsvake lokalitetar der avfall frå fiskemerdene kan utgjera eit miljøproblem.
Ein kjempemessig ”støvsugar” er Blom sitt svar på utfordringa. Plassert under oppdrettsanlegget skal han samla opp avføring og restar av fôr før det legg seg på sjøbotn
Avfallet skal seinare omgjerast til energi, eller til gjødning. Endeleg bruk av den energirike biomassen er ikkje avklart. Miljøstiftinga Bellona er ein av partnarane som deltek i utviklingsarbeidet, seier Blom.
Arealtilgang

Tilgang til nye areal for utplassering av fiskemerder er ei av dei største utfordringane, skal havbruksnæringa kunna auka produksjonen, ifølgje Blom.
Skal næringa få tilgang til nytt areal, må kommunen sin arealplan endrast, noko som typisk tek åtte år. Då er det raskare å innføra miljøtiltak som gjer det mogeleg å auka produksjonen på eksisterande lokalitetar, seier Blom.
– Løyser miljøutfordringane etterkvart
– Havbruksnæringa har vore flink til å løysa dei miljømessige utfordringane etterkvart, hevdar Blom.
Problemet med avfall frå merdene er eitt døme på at bransjen har innovert seg ut av problem. Kampen mot lakselusa ein anna. Utviklinga av vaksine som har fått bukt med tidlegare utbreidde fiskesjukdomar, og som i ein periode kravde omfattande bruk av antibiotika, må også nemnast.
Les: Vann kampen mot lakselusa – fekk lusent resultat
Betre omdøme
– Det at vi viser at vi tek miljøet på alvor, vil vera ein fordel også for sal i utlandet. Det betrar omdømet, seier teknisk sjef Martin Blom i Blom Fiskeoppdrett AS til Tunnelsyn.no.
Les også: Med ROV i fiskemerda