Botanikar fann gull på Løkling

Kvit, einkel og med små svarte, hårete nyper. Interessa for norske villroser har ført til at botanikaren Per Harald Salvesen har oppdaga ein heilt ny art på Løkling i Bømlo.

rosa x sabinii - så nyoppdaga at ho enno ikkje har fått noko namn.
Kvit, einkel, og med hårete små svarte nyper. Slik ser ho ut – rosa x sabinii – så nyoppdaga at ho enno ikkje har fått noko namn.

Riktblømande, men viltveksande i vegkantar og langs gjerde, er det vi vestlendingar kallar klunger ikkje særleg verdsett. Artsmangfaldet og dei mange krysningane gjer likevel desse nøysame villrosene til interessante forskingsobjekt for ein botanikar som Per Harald Salvesen.

Namnlaus
I den tidlegare gullgruvebygda Løkling har botanikaren funne gull, om enn i overført tyding.

– Villrosa rosa x sabinii er ein krysning mellom trollnype og bustnype, og er så nyoppdaga at ho enno ikkje har fått noko namn, seier Salvesen til Tunnelsyn.

Den hårete nypa på nært hald.
Den hårete nypa på nært hald. Denne er arv etter far til den nye hybridrosa.

Så vidt Salvesen kjenner til, veks rosa berre her i dei skrinne sauebeitene og lyngheiane ut mot Nordsjøen i Bømlo.

Syster i Storbritannia?
Til dagleg er Salvesen tilsett som 1. amanuensis ved Universitetet i Bergen. Han er også direktør for Stiftelsen Det norske arboret. Blomar generelt, og roser spesielt, er fagfeltet hans.

Det er ikkje berre villrosene som lokkar botanikaren Per Harald Salvesen til Løkling. Her finst også fleire sjeldne artar av rogn og asal.
Villrosene er ikkje det einaste som lokkar botanikaren Per Harald Salvesen til Løkling. Her finst også fleire sjeldne artar av rogn og asal.

Denne veka viste han den sjeldne rosa til sin britiske kollega, spinosissima-eksperten Peter Boyd.

– Rosa x sabinii finst så vidt vi veit ikkje i andre land, men dei har ei som er svært lik i Storbritannia. Om det er den same, står att å sjå, seier Salvesen i etterkant av synfaringa.

Trollnypa

Trollnypa er raudlista og har sin største naturlege forekomst på Løkling.
Trollnypa er raudlista og har sin største naturlege forekomst på Løkling. Blada vitnar om at dette er ein spinosissima-art.

Den sjeldne trollnypa, eller rosa spinosissima, er mor til den nye rosa. Trollnypa er utrydningstruga og på Miljøverndirektoratet si raudliste.

På Løkling finn vi den einaste store naturlege forekomsten i Norge, sjølv om einskildbuskar av arten visstnok også kan beundrast på Møkster i Austevoll og Digernes i Stord.

Forutan Storbritannia, finst det viltveksande og kultiverte spinosissima-artar også i Finland og i dei baltiske landa.

Gullfeber
Løkling var herja av gullfeber frå 1870-talet og fram til 1910. 400 – 500 personar arbeidde her då det stod på som verst. Totalt vart det teke opp vel 200 kilo gull frå dei langsgåande kvartsårene.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s