Kjøpesentergründere har laga gullgruve på Straume

Kjøpesentergründerane i Einarsen- og Rennedalfamiliane fekk full utteljing for viljen til å ta skyhøg risiko i fjor. Etter nedsalet til børsnoterte Thon, sat familiane sitt personleg eigde investeringsselskap Sartor Holding AS att med eit årsresultat på 309 millionar kroner.

Sartor Storsenter slik det tek seg ut frå Sartorvegen. Andre byggjesteget vart opna sist haust.
Eigarandelen på 40 prosent i Sartor Storsenter AS utgjer størstedelen av Einarsen- og Rennedal-familiane sin eigenkapital på 401,6 millionar kroner i Sartor Holding AS.

Alle pilar peika til himmels for kjøpesentergründerane på Straume i 2015, viser rekneskapen som er innlevert til Brønnøysund.

Etter å ha seld 60 prosent av aksjane i Sartor Storsenter AS og Straume Parkering AS for til saman 1,3 milliardar kroner, enda driftsinntektene i Einarsen- og Rennedal-familiane sitt personleg eigde investeringsselskap Sartor Holding AS på 428,6 millionar kroner. Ein formidabel auke på heile 2915 prosent samanlikna med året før.

Les: Thon tok rekninga for festen

Beinhard kontroll over driftskostnadane sikra eit driftsresultat på 411,5 millionar. Opp frå beskjedne 1,2 millionar i 2014.

Finanskostnadar trakk ned

Ernst Morten Einarsen er saksordførar for arbeidet med ny Temaplan for avfall i Fjell. Han er også sjef for Sartor Nærvarme AS.
Dagleg leiar Ernst Morten Einarsen i Sartor Holding AS har spela ei nøkkelrolle i å henta inn Olav Thon til å omdanna Sartor Senter til eit av dei største kjøpesentra i landet. Som mangeårig kommunestyrepolitikar for Høgre har han også vore med på å leggja tilrette rammevilkåra for senteret si utvikling på Straume.

Skyhøg gjeld gjennom mesteparten av året påførte imidlertid verksemda finanskostnadar på 150 millionar som trakk ned årsresultatet. Etter utlikna skatt sat eigarfamiliane att med eit årsresultat på 309 millionar kroner, samanlikna med 16,4 millionar i 2014.

Ein analyse av nøkkeltala tilseier at rentabiliteten på eigenkapitalen har vore på heile 110,7 prosent.

Gjeld til å leva med
Børsnoterte Thon si interesse for vårt lokale kjøpesenter gjer at gjeldssituasjonen for gründerane no er blitt til å leva med.

Salet inneber at den bokførte verdien av dei familie-kontrollerte anleggsmidlane er redusert frå 1 milliard til 607,5 millionar. Eigenkapitalen er samstundes auka til 401,6 millionar, opp frå 93,6 millionar i 2014. Gjelda i morselskapet er redusert frå 1,2 milliardar til 309 millionar.

Familiane tok ikkje ut utbyte i fjor. I rekneskapen for 2015 står det heller ikkje spesifisert løn til dagleg leiar Ernst Morten Einarsen.

Les: Fest i lånte fjær

Det var i 1977 at ei rekkje lokale handelsmenn gjekk saman om å etablera Sartor Senter. Med på oppstarten, forutan Erik Rennedal (daglegvarer) og John Einarsen (sko), var mellom anna Ingvald Strømme (VVS), Klara Skoge (stoff og gardiner) og Nils Arefjord (klær).

Sartor Holding AS – morselskap
(alle tal i 1000)
2015 2014
Driftsinntekt 428,6 14,2
Driftsresultat 411,5 1,2
Årsresultat 309 16,4
Eigenkapital 401,6 93,6
Gjeld 309,3 1263,9

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s