Helgeturen: Lutatangen

Trivst du best i oppna landskap? Då bør du ta ein tur til Lutatangen. Der Golten møter Nordsjøen må du vera førebudd på å laga din eigen sti.

oransje i steinørken_web
På Lutatangen ventar eit dramatisk steinlandskap der menneska vert små.

Lutatangen er eit smalt, blankskurt nes som stikk ut i Nordsjøen heilt vest på Golten i Sund

Ein steinørken omgjeven av storhavet, og med tydelege vitnemål om dramatiske hendingar i jorda sin geologiske historie.

Storm og still – ulike opplevingar

Dra hit ein roleg solskinsdag, og kom tilbake ein stormfull haustdag når storhavet tordnar innover land. Eit landskap – to vidt forskjellige opplevingar.

Steinørken

Stien startar på parkeringa og er tydeleg merka.
Stien startar ved parkeringa og er tydeleg merka.

Stien til Lutatangen startar frå parkeringa på Golten, inst i den langstrakte vågen som vert kalla Vogga og som nesten delar Golten i to.

Vogga delar Golten nærast i to. Turen startar innerst i vika, og går utover svaberga på nordsida.
Vogga delar Golten nærast i to. Turen startar innerst i vika, no skal du følgja svaberga utover på nordsida.

Steinørken eller lyngmark? Du avgjer sjølv kvar turen skal gå. Straks du har klatra ned trappa, tek du det vanskelege valet. Følja sjøkanten og blankskurte svaberg vestover, eller ta stien over vestlandske lyngheiar?

Vi lot oss fascinera av svaberga, og angra ikkje på det, sjølv om stien over lyngheia er lettare å følgja.

Dårleg merka

Det småkuperte landskapet vert brote av vikjer, bergryggar og vatn. Nøkkeroser prydar vatna i lyngheia sommarstid.
Det småkuperte landskapet vert brote av vikjer, bergryggar og vatn. Nøkkeroser prydar vatna i lyngheia sommarstid.

Landskapet er småkupert. Fleire stadar vert svaberga broten opp av vikjer – Lutavikja og Midtvikja er dei største. Små vatn og bergryggar bidreg også til at det er lett for ein førestegongs besøkjande å mista stien som på mange stadar er tilnærma usynleg.

Turlaget sine blå merkjer kan du heller ikkje stola på.

Vi var heldige og traff på ein innfødd av den sjeldant hyggelege sorten – ho tilbud seg å losa oss den siste kilometeren eller så ut til Luten der Sund Turlag har kasse med bok du kan skriva namnet ditt i.

Din eigen sti
Guiden vår var tydelegvis van med villfarne turgåarar:

– Her må du vera førebudd på laga din eigen sti, smilte dama, før ho på lette føter sprang tilbake til sivilisasjonen.

Har du først funne kassen til Turlaget, bør du gå nokre ekstra skritt rundt haugen. Brått opnar Sandvika seg, med restar ei av sandstrand, ytterst mot storhavet.

Steinørken

Kvartsårer og sandstein i genis er eit vitnemål om ein dramatisk periode i jorda sin geologiske historie.
Kvartsårer og sandstein i gneis vitnar om ein dramatisk periode i jorda sin geologiske historie.

Landskapet her vest er ein grå steinørken du skal leita lenge før du finn maken til. Fjellet består hovudsakleg av gneis, med markante innslag av kvarts og sandstein. Eit landskap det tek 100.000-vis av år å forma.

Til høgre stikk blankskurte Lutatangen ut i Nordsjøen, med Goltasundet på nordsida. Lenger vest kjem du ikkje.

Ser du Shetland?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s