Symbolsk 22. juli-markering

I Oslo var 22. juli 2016 ein heilt vanleg fredag for dei aller, aller fleste. Små symbolske markeringar kringom i sentrum viste at terrorhandlinga langt frå er gløymt.

Ei vissen raud rose i tigerens munn. Symbol på AUF-ungdomar som mista livet
Tigerstaden. Ei vissen raud rose i tigerens munn. Symbol på dei mange unge AUF-arane som mista livet i terrorangrepet på demokratiet 22. juli 2011.

22. juli 2011. 77 personar mista livet i to nøye planlagte politisk motiverte terrorhandlingar i fredelege Norge.

Femårsdagen for massakeren på Utøya og bombeangrepet på Regjeringskvartalet vart høgtideleg markert i dag, mellom anna med minnegudsteneste i Domkyrkja og med offisielle minnestunder på Utøya og i Regjeringskvartalet.

Fleire andre stadar kringom i sentrum var det mogeleg å sjå små symbolske markeringar i form av raude roser til minne om dei mange unge AUF-medlemmane som mista livet. Terrorhandlinga er ikkje gløymt!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.