Gjestekommentar: Gebyr, tal og statistiske samanlikningar

Det er problematisk når tal byrjar å leve sjølvstendige liv, lausreve frå essensielle forklaringar om kva ein faktisk har telt.

Av Bjarne Ulvestad, dagleg leiar FjellVAR AS

Ikkje rart Fjell kjem dårleg ut på avgiftsstatistikken når kommunen oppgjev gebyra inkludert meirverdiavgift, medan nabokommunane sløyfer denne skatten, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR AS.
Ikkje rart Fjell kjem dårleg ut i samanlikningar av avgiftsnivået når kommunen oppgjev gebyra inkludert meirverdiavgift, medan nabokommunane sløyfer denne skatten, skriv dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR AS.

Tidlegare direktør i SSB Hans Schell uttalte at SSB berre ein gong har hatt rett tall, og det var folketalet på Bjørnøya i 1977.

Vestnytt presenterte vass-, avløp-, renovasjons- og feieavgifta for Sund, Askøy, Øygarden og Fjell. Fjell kommune (eller rettare sagt FjellVAR) kom dårleg ut med høge gebyr på tenestene. Går ein gebyra litt etter i saumane vil den årvakne leser oppdage at både Askøy, Sund og Øygarden har rapportert inn vass- og avløpsgebyra til SSB utan å legge til 25 % mva medan Fjell har tatt med mva.

Det blir mildt sagt uklårt når ein brukar tala ukritisk utan omsyn til viktige parameter som tenestetilbod, miljøprofil, effektivitet og befolkningstettheit som naturleg påverkar storleiken på gebyra.

Det er viktig å ha fokus på gebyrnivået då dette er tenester som er lovpålagte og er skjerma for konkurranse. Bakgrunnen for at ein rapporterer inn til SSB er for å få meir kjennskap til effektiviteten og ressursbruk på dei kommunale tenestene. Diverre rapporterer kommunane ulikt, og svekkar dermed moglegheita for å bruke SSB sine tal til å auke effektiviteten på dei kommunale tenestene.

Samstundes skal ein hugse på at investeringar i nye avløpsreinseanlegg sjeldan er ei vinnarsak for våre folkevalte. RIF (Rådgivende Ingeniørers Foreining) ga i 2015 ut rapporten Norges Tilstand 2015 som slo fast at tilstanden til vass- og avløpsanlegga i Noreg er i heller dårleg forfatning. Mellom anna er utskiftingstakten (på landsbasis) på leidningar mindre enn 1 %, noko som gjev ei levetid på leidningar på over 100 år. Ser ein på lekkasjeandelen i Europa er det berre Bulgaria som har høgare lekkasje på leidningane enn Noreg.

Truleg kjem myndigheitene til å tvinge kommunane til å ta tak i problema gjennom forskriftendringar for å hindre knappheit på vatn og forureining.

Då FjellVAR AS blei skipa i 2003 var berre 11 000 av innbyggarane i Fjell tilknytt offentleg vassforsyning, og politikarane blei samde om å ta eit krafttak for å sikre innbyggarane reint drikkevatn. Store investeringar i nye anlegg har sjølvsagt ført til auka gebyr, men også fleire abonnentar.

I 2015 var om lag 22 000 innbyggarar i Fjell tilknytt offentleg vatn.

I seinare år har ein blitt meir merksam på kva ernærings- og helsemessig betyding reint vatn har. I staden for ei tevling i kven som har lågast gebyr, fortener politikarane i kommunane ros for å ta på alvor dei utfordringane dei står ovanfor med mangelfull vassforsyning/reinsing av avløp.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.