Reinseanlegget i Storanipa: No trur FjellVAR-sjefen på å landa på budsjett

Miljømessig vil løysinga vera like god. Kostnadsmessig vil endringa av utsleppspunkt for det nye avløpsreinseanlegget i Storanipa på Våge gjera det mogeleg å halda budsjettet, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR til Tunnelsyn.no.

Med det nye utsleppspunktet vil ein sleppa transport av 20.000 lastebillass med stein gjennom den smale og mykje trafikkerte Foldnesvegen, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR AS.
Med det nye utsleppspunktet vil ein unngå å måtta transportera 20.000 lastebillass med stein gjennom den smale og mykje trafikkerte Foldnesvegen, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR AS.

Ferdiggjeringa av detaljreguleringsplanen for avløpsreinseanlegget i Storanipa på Våge inneber at FjellVAR AS har søkt om å få endra utsleppspunktet til Hjeltefjorden. Istaden for å sprengja ein lang utløpstunnel frå fjellhallen på Våge til Hjelteryggen, planlegg den kommunale renovasjonsverksemda no å leggja røyr i sjøen frå Våge forbi RAN og Purkholmen og ut på 70 meters djup i Hjeltefjorden.

– Valet av nytt utsleppspunkt er gjort ut frå langvarige straummålingar. Miljømessig sett vil løysinga vera like god som den opphavelege, hevdar dagleg leiar Bjarne Ulvestad i FjellVAR ovanfor Tunnelsyn.no.

Her vil det nye utsleppspunktet koma.
Det nye utsleppspunktet vil koma på 70 meters djup, ved «Våg8». Opphaveleg planla ein å leggja utsleppspunktet på austsida av Hjelteryggen, omlag der Hjeltefjorden møter Byfjorden.

Unngå kostnadssprekk
Forslaget vil redusera behovet for kostbart sprengjingsarbeid så mykje at FjellVar-sjefen har fått tilbake trua på å kunna gjennomføra prosjektet utan store kostnadssprekkar:

– Erfaringa frå eit tilsvarande anlegg i Os tilseier at sprengjing av avløpstunnelar er svært kostbart. Hadde vi gått for den opphavelege løysinga, ville vi ha gått på ein omfattande kostnadssprekk. No kan vi redusera sluttrekninga med 100 millionar kroner, og enda opp om lag på budsjett, seier Ulvestad til Tunnelsyn.no.

Usikker kalkyle
Då kommunestyret i Fjell hausten 2013 vedtok at det nye avløpsreinseanlegget skulle leggjast til ein fjellhall i Storanipa, vart anlegget kostnadsrekna til 488 millionar kroner.

Kostnadskalkylen hadde ein usikkerhet på 40 prosent, mellom anna avdi detaljplanlegginga mangla.

Hovudinnvending
Plasseringa av det nye reinseanlegget for Litle Sotra vart avgjort etter mykje oppheita diskusjon i kommunestyret.

Ikkje berre var ein fjellhall i Storanipa den mest kostbare løysinga. Dei store mengdene med overskotsstein som anlegget ville generera, var ei av dei folkevalde sine hovudinnvendingar mot alternativet.

Store mengder overskotsstein

Planteikning over avløpsreinseanlegget i Storanipa. Sjølve reinseanlegget vil liggja i ein fjellhall.
Planteikning over avløpsreinseanlegget i Storanipa. Sjølve reinseanlegget vil liggja i ein fjellhall. Opphaveleg planla ein å la utsleppsrøyret gå austover gjennom Hjelteryggen, og ut i sjø omlag der Hjeltefjorden møter Byfjorden.

Meir enn 210.000 kubikkmeter med overskotsstein, tilsvarande 20.000 lastebillass, måtte transporterast ut av området via den smale og mykje trafikkerte Fv. 209. Ei løysing som ville gå på tryggleiken laus, åtvara mellom anna Politiet.

Med det nye utsleppspunktet vert mengda av overskotsstein redusert til ein brøkdel, fortel Ulvestad.

Erstatta ti mindre anlegg
Kring 12.000 fjellsokningar soknar til bygdene som vert omfatta av det nye reinseanlegget. Primærreinseanlegget skal erstatta ti eksisterande anlegg på strekkja frå Morland, via Bildøy og over store delar av Litle Sotra, fortel Ulvestad.

Samlinga av dei ti reinseanlegga inneber etablering av eit felles røyrnett med pumpestasjonar i området. Igangsetjinga av vegarbeida i Arefjord inneber at ein no kan knyta områda Hjelteryggen, Knarrevik og Valen til leidingsnettet via grøft.

EU-krav
Utbygginga på Litle Sotra krev kostbare investeringar i ny kommunal infrastruktur. Som følgje av folketalsveksten siste tiåra, har kommunen fått skjerpa EU-krav til utslepp frå avløpsreinseanlegg.

Les: Gebyr, tal og statistiske samanlikningar

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.