Størst auke i arbeidsløysa i Askøy og Øygarden

Medan resten av landet er på veg ut av krisa, held arbeidsløysa i kommunane vestom Bergen fram med å auka i sommarmånaden. No rammar nedgangstidene også Askøy med full tyngde.

NAV logoSommarmånaden var første gong på mange år at det var fleire enn 10.000 arbeidslause i Hordaland. Heile 14,5 prosent av dei ledige i fylket bur i kommunane vest for Bergen.

Eskalerande utvikling
Heile 1.466 personar var heilt ledige i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i juli, i følgje ferske tal frå NAV. Det inneber at 122 fleire strilar står utan arbeid no enn i juni månad. Samanlikna med juli i fjor, var 350 fleire utan arbeid denne sommaren.

Feil retning i Askøy
Askøy har lenge lege lågt på arbeidsløysestatistikken, men denne sommaren har utviklinga teke eit langt steg i feil retning. Heile 79 fleire står utan arbeid i juli enn i juni, viser statistikken frå NAV. 557 asketappar er no heilt ledige. Siste året har talet på ledige i kommunen auka med 104 personar.

Arbeidsløysa i Askøy utgjer no 3,8 prosent, opp frå 3,3 prosent i juni. Kommunen har framleis lågaste arbeidsløysa i regionen.

Flest ledige i Fjell
Fjell er framleis den kommunen som har flest ledige. Heile 628 fjellsokningar manglar no både jobb og tiltak. Det er 20 fleire enn i juni, og heile 176 fleire enn i juli 2015. Arbeidsløysa i Fjell er no på 4,7 prosent, og den nest høgaste i regionen.

Dramatisk i Øygarden
Også Øygarden har hatt ei dramatisk forverring siste månaden. 21 fleire ledige ved utgangen av juli, inneber at arbeidsløysa har stige frå 4,6 til 5,4 prosent i løpet av fire veker. Siste året har talet på heilt ledige i kommunen auka med 47 personar.

Sund har no 149 heilt ledige, to fleire enn i juni. Arbeidsløysa i kommunen sønst på Sotra er no på 4,2 prosent.

Arbeidsløysa i Fjell, Sund, Askøy og Øygarden – utvikling juni – juli

  Juli 2016 % Juni 2016
Fjell 628 4,7 608
Sund 149 4,2 147
Askøy 557 3,8 478
Øygarden 132 5,4 111
Totalt region vest 1466   1344
Hordaland 10102 3,6 9259

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s