Helgeturen: Dra te Bekkjarvik for ein park!

Ugrasluking og hagestell gjorde Inge Halstensen (70) seg ferdig med i barneåra. No investerer fiskebåtreiaren og eigedoms-investoren like godt oppimot 10 millionar for å laga ein 40 mål stor park på det mange vil karakterisera som finaste utsiktstomtane i Bekkjarvik.

Bekkjarvik i Austevoll, kan hende aller best kjend for Bocuse d’Or-vinnaren i Bekkjarvik Gjestgjeveri, er ei populær hamn for båtglade strilar og bergensarar. Dei som har lagt turen innom den tradisjonsrike handelsstaden denne sommaren, har truleg lagt merkje til at store og spanande ting er på gang i haugen bak gjestgjeveriet.

Naturpark

Stilhagen med Bonica, Nina Weibull og Aspirinroser har lenge vore ein populær stad for tilreisande i Bekkjarvik.
Stilhagen har lenge vore ein populær stad for tilreisande i Bekkjarvik. No utvidar eigedomsinvestor og fiskebåtreiar Inge Halsensen hagen til ein 40 mål stor naturpark. – Eit reint kommersielt tiltak, forsikrar han.

Kratt og annan vegetasjon er fjerna, berg er reinskurt og store mengder mold flytta på. Eit nytt nettverk av helle- og gruslagte stiar bind dei ulike områda saman, nye bed vert planta til og idylliske dammar er opparbeida. Eit amfi med plass til meir intime konsertar, er det også laga plass til i det grøne.

Naturparken er enno ikkje heilt ferdig. Offisiell opning vert det truleg ikkje før i slutten av september. Tunnelsyn.no har vore på omvising saman med hageiegar Inge Halstensen (70).

Eit nettverk av hellelagte- og gruslagte stigar bind dei ulike områda i naturhagen saman.
Eit nettverk av helle- og gruslagte stigar bind dei ulike områda i naturhagen saman.

Den store, gamle løo frå 1910 er blitt kvitmåla og omgjort til selskaps- og konferanselokale med flygel og sitjeplass til 300 på høyloftet.

Klassisk rosehage

Saman med Nina Weibull og Aspirin utgjer Bonica-rosa hovudinnslaget i stilhagen utanfor reiarvillaen.
Saman med Nina Weibull og Diamond Border utgjer Bonica-rosa hovudinnslaget i stilhagen utanfor reiarvillaen.

Tilreisande til Bekkjarvik har i fleire år kunna gleda seg over at rosehagen midt i sentrum har vore open for allmenta. Ei overflod av fint oppmarsjerte Bonica, Nina Weibull og kvite Diamond Border-roser har i sommarmånadane gjeve kvile for auga og ro i sjela.

No har Inge Halstensen, fiskebåtreiar og største eigedomsinvestoren i Bekkjarvik, sett i gang med å utvida den klassiske roseparken framfor kontorvillaen til Halstensen Rederi til ein 40 mål stor naturpark.

Roser vil framleis vera eit sentralt element i naturhagen. Ei dobbelt rad med rugosa-hybriden Moje Hammarberg vil om nokre år danna ein raudlilla levegg mot synnavinden.
Roser vil vera eit sentralt element også i naturparken. Om nokre år vil ei dobbelt rad med rugosa-hybriden Moje Hammarberg danna ein raudlilla levegg mot synnavinden.

– Dei stramme linjene i den historiske rosehagen som vart laga på 1920-talet, vil ikkje verta vidareført. Det nye hageanlegget vil i staden verta utforma som ein naturhage, med enno fleire roser, mange rododendron og andre artar, seier Inge Halstensen til Tunnelsyn.no.

Lokal vegetasjon
I ein naturhage i den vestnorske skjærgården vil ulike sortar lyng, som røsslyng og klokkelyng, men også purpurlyng, få stor plass. Bregner og bærlyng, som blokkebær, blåbær og krekling hører også heime naturleg her, lovar Halstensen.

– Utfordringa vert å få til gode overgangar mellom den kultiverte naturhagen og den omkringliggjande naturen, utdjupar eigedomsinvestoren.

Tjukke reip skiljer beda frå plenen. Slik flyttar fiskebåtreiaren element frå kystkulturen i Austevoll inn i parken.
Tjukke reip skil beda frå plenen. Slik flyttar fiskebåtreiaren element frå kystkulturen i heimkommunen inn i parken.

 

Innimellom vert det heile seks dammar med nøkkeroser. Kan hende vert det springvatn også? Ei badestrand har i alle fall vore på plass i fleire år.

Nøkkeroser er planta ut i dei seks dammane i parken.
Nøkkeroser er planta ut i dei seks dammane i parken.

 

Profesjonelle
– Kvifor i all verda? Nærar du sjølv ein personleg lidenskap for hage?

– Mor mi var ein fanatisk gartnar. Som unge måtte eg jobba i hagen. Eg har gjort nok, men det ligg nok noko der, humrar Halstensen.

Sjølve planlegginga av hageanlegget har han overlate til profesjonelle.

– Vi har reist rundt og henta inspirasjon frå andre hagar. Flor og fjøre i Rogaland imponerte. At vakre uteareal er viktig for trivselen, kan ein også sjå til dømes på Solstrand, seier eigedomsinvestoren.

Nei frå fylkesmannen
Halstensen er fødd og oppvaksen i Bekkjarvik og eig størsteparten av eigedomsmassen i det historiske kremmerleiet.

Då utbyggingsplanane for tettstaden vart laga, fekk eigedomsinvestoren nei frå fylkesmannen i Hordaland til bygging kring det gamle gardsbruket. Her skulle det vera grøntareal, sa fylkesmannen.

Overvunne skepsis
– Det såg ikkje fint ut at området låg brakk, så vi måtte jo utnytta det til noko, seier Halstensen.

I byrjinga var Halstensen skeptisk til parkplanane, medgjev han.

– Tilbakemeldingane frå publikum så langt har overtydd meg om at satsinga er rett, og at parken midt i sentrum vil bidra til å trekkja enno fleire besøkjande til Bekkjarvik, seier Halstensen til Tunnelsyn.no

Kommersiell investering
– Dette er ei rein forretningsmessig investering. Inkludert renoveringa av løo, snakkar vi om ein del millionar kroner, seier Halstensen til Tunnelsyn.no.

– Kor mykje då? Snakkar vi om eit tosifra tal millionar?

– Om vi ikkje bremsar, kan det fort verta det, svara Halstensen.

I den tidlegare FrP-kommunen Austevoll er det sjølvsagt at heile tiltaket er privatfinansiert.

Perla i parken

Den ombygde løo er perla i parken.
Den ombygde løo er perla i parken. Den raude klatrerosa Grand Award, saman med like raude men langt lågare Austriana, skal med tida kle muren langsmed løo. Her er og funne plass til kvite Diamond Border.

 

Eigedomsinvestoren viser sjølv Tunnelsyn rundt i den ombygde løo. Han legg ikkje skjul på at det nye selskaps- og konferanseanlegget er perla i parken.

At han tydelegvis har henta inspirasjon til ombygginga frå Bjørnefjorden Gjestetun i Os, sit derimot langt inne å medgje.

Den originale innreiinga i fjøsen er teken vare på, med stekkjer, høybryer og vassrenne. Halsensen sjølv er
I fjøsen er den originale innreiinga frå 1910 teken vare på, med stekkjer til 12 kyr, høybryer og vassrenne. Halsensen sjølv har blanda kjensler over å vera den som avvikla gardsdrifta austevollingane har levd av gjennom 5.000 år.

 

Å visa fram biletveggane på høyloftet gjer Halstensen meir enn gjerne. Biletsamlinga til Austevoll Folkeboksamling er tematisert og hengt opp på veggane i stort format. Kvart bilete har si historie, og verten sjølv er ein engasjert forteljar om fiske, gardsdrift, kvardagsliv og familie.

Veggane i løa fortel austevollingane sin historie. Verten sjølv er ein engasjert forteljar.
Veggane i løa fortel austevollingane sin historie. Verten sjølv er ein engasjert forteljar, mellom anna om den revolusjonerande teknologiske utviklinga innan fiskeria siste 100 åra som har bidrege til hans eigen rikdom.

 

– Ein sjeldan kombinasjon
– Tanken er at Bekkjarvik skal tilby tilreisande ein sjeldan kombinasjon av god mat, kultur, overnatting og vakker hage, seier Inge Halstensen til Tunnelsyn.no.

Dei fire – fem konsertarenaene som eigedomsinvestoren også disponerer kringom i Bekkjarvik, har plass for 200 – 1.000 gjestar, og inngår sjølvsagt også i framtidsplanane. Gjennom fleire år alt har han hatt eit samarbeid med Festspillene i Bergen om å arrangera klassiske konsertar.

Beste gjestehamn
Gjestehamna i Bekkjarvik vart kåra til Norges beste i 2015 og har plass til meir enn 100 båtar på inntil 70 fot. Kaiplass til fjordabåtar og rikingar med super-yachter kan austevollingane også tilby, freistar marknadsføraren og eigedomsinvestoren Inge Halstensen.

Bekkjarvik, med gjestgjeveriet, slik det helsar dei som kjem sjøvegen.
Bekkjarvik, med gjestgjeveriet, slik det helsar besøkjande som kjem sjøvegen.

 

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s