Fnyser av KOSTRA-tal

Det er Fjell som har dei rimelegaste kommunale avgiftene i regionen, hevdar Bjarne Ulvestad. FjellVAR-sjefen har ikkje mykje til overs for å nytta KOSTRA-tal til å samanlikna nivået på offentlege avgifter.

Det er store skilnadar i VA-gebyra i region vest.
Det er store skilnadar i VA-gebyra, både i region vest og i landet elles.

KOSTRA er databasen over norske kommunar sine innrapporterte tal over inntekter, utgifter og andre statistiske opplysingar som vedkjem kommunale tilhøve.

Eigenrapportert
Det at det er kommunane sjølv som innrapporterer dataene, kan til tider føra til at statistiske samanlikningar kommunar i mellom slår heilt feil ut, hevdar Ulvestad.

Les: Gebyr, tal og statistiske samanlikningar

Istaden har FjellVar-sjefen funne fram tal han meinar er til å stola på, for vatn og avløp. For å underbyggja tala, viser han til ei undersøking utført av Huseiernes Landsforbund.

Over snittet
Gebyra for vatn og avløp i Fjell ligg 7,9 prosent høgare enn snittet på landsbasis. Fjellsokningane nyt likevel godt av dei lågaste avgiftene i region vest, ifølgje Huseiernes Landsforbund.

Dei folkerike kommunane Fjell og Askøy har eit klart lågare avgiftsnivå enn innbyggjarane i meir grisgrendte Sund og Øygarden.

Vatn    Avløp    Sum 2016     % over snitt
Landet
– snitt           4264      4710             8974                0
Fjell             4533      5153             9686                7,9
Askøy          5036      4981            10017             11,6
Øygarden   4750      6250            11000             22,6
Sund            6338      5250           11588             29,1

Låg gebyrauke

Få kommunar har investert like mykje i utbygging av vatn og avløp som Fjell, likevel har avgiftsauken vore moderat, samanlikna med landet elles, seier ein nøgd Bjarne Ulvestad i FjellVAR.
Få kommunar har investert like mykje i utbygging av vatn og avløp som Fjell, likevel har avgiftsauken vore moderat, samanlikna med landet elles, seier ein nøgd Bjarne Ulvestad i FjellVAR.

Trøysta, ifølgje FjellVAR-sjefen, er at avgiftsnivået i Fjell har auka langt mindre siste fem åra enn i dei aller fleste andre norske kommunar. Auken i VA-gebyra på 8,9 prosent sidan 2010, er beskjeden samanlikna med snittet i landet elles, som har vore på 20,3 prosent.

Trass store investeringar
Ei utvikling FjellVAR-sjefen er særs godt nøgd med:
– Det er få kommunar som har investert så mykje i nye VA-anlegg som i Fjell i denne perioden, hevdar Ulvestad.

Utgiftseksplosjon
Av kommunane i region vest er det berre Øygarden som har hatt ein auke i avgiftsnivået som er høgare enn på landsbasis. Øygardsstrilar tilknytta det offentlege VA-nettet har til gjengjeld opplevd ein formidabel avgiftsauke på heile 77,8 prosent, skal vi tru Huseiernes Landsforbund.

% auke 2010 – 2016
Fjell                                8,9
Askøy                           17,8
Sund                            19,8
Landet – snitt            20,3
Øygarden                    77,8

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.