Sekkingstad spratt over 2 milliardar

Fiskeindustriverksemda Sekkingstad AS på Skaganeset vart første Sotra-verksemda som passerte to milliardar i omsetnad.

Dagleg leiar Bård Sekkingstad i den familieeigde verksemda Sekkingstad AS.
Dagleg leiar Bård Sekkingstad i den familieeigde verksemda Sekkingstad AS. (Foto: Sekkingstad AS)

Dei rekordhøge lakseprisane gav den uavhengige fiskeindustriverksemda ein skikkeleg sprett i omsetnaden i fjor. Den familieeigde verksemda auka salet av nyslakta laks og aure med 350 millionar og nådde til sist 2,08 milliardar kroner.

Men inntektsveksten kosta. Driftsresultatet enda på 30,9 millionar, nær tre millionar svakare enn året før.

Uavhengig leverandør
Sekkingstad rosar seg av å vera ein av verdas største uavhengige leverandørar av laks. 50.000 tonn fisk vert årleg slakta ved det høgt automatiserte anlegget på Skaganeset.

Eit globalt distribusjonsnett gjer det mogeleg å levera fersk laks til store, sentrale marknadar i Sør-aust Asia innan 48 timar.

Familieigd
Dei samla verdiane i selskapet la kraftig på seg i fjor, og enda på 469,8 millionar kroner. Eigenkapitalen utgjer 89,2 millionar. Gjelda auka med 45,3 prosent og utgjorde ved årsskiftet 380,6 millionar kroner.

Sekkingstad AS vart stifta av Konrad Sekkingstad i 1923.Verksemda er framleis i famillien si eiga. Sønesønene Bård og Konrad er i dag største eigarane i verksemda som har 26 tilsette.

Sekkingstad AS – nøkkeltal (tal i 1.000.000)
                                  2016      2015       % Endring
Driftsinntekt          2080      1727             20
Driftsresultat            30,9        33,7         – 8,3
Eigenkapital              89,2        69,5          28,3
Gjeld                         380,6      261,8          45,3

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s