Festar grepet om Vestnytt og Askøyværingen

Vestnytt er den mest lønsame av dei åtte lokalavisene som Schibsted Norge no overtek den direkte eigarskapen av.

Styringslinjene vart for lange for konserndirektør Rolv Erik Ryssdal i Schibsted Media Group ASA. No vil han styrka kontrollen over lokalaviser som Vestnytt og Askøyværingen.
Styringslinjene vart for lange for konserndirektør Rolv Erik Ryssdal i Schibsted Media Group ASA. No vil han auka kontrollen over lokalaviser som Vestnytt og Askøyværingen.

Det vart i går kjend at Schibsted Norge kortar inn på styringslinene i konsernet. Dei overtek den direkte eigarskapen av Vestnytt, Askøyværingen, Bygdanytt og Strilen frå Bergens Tidende. Samstundes tek dei direkte kontroll over fire lokalaviser på Sørlandet.

Oppkjøpsraid
Schibsted, gjennom det heileigde dotterselskapet Bergens Tidende AS, har dei siste åra vore på oppkjøpsraid i floraen av lokal- og fagaviser i Hordaland.

Lokalt har Vestnytt AS vore det mest vellukka oppkjøpet. Avisa har så langt merka lite til dei mykje omtalte krisetidene i norske media. Avisa hadde i fjor eit godkjend opplag på 5.276. Frå 2010 og fram til siste årsskiftet utgjorde fråfallet knappe 800 lesarar. Halvparten av dei sa farvel i løpet av fjoråret, ifølgje Medienorge.no.

Les: Lesarane rømer Askøyværingen

Dobla resultatet
Sal av annonser og abonnement utgjorde i fjor 20,9 millionar, ifølgje rekneskapen som er innlevert til Brønnøysund.

Ein svak nedgang i driftsinntektene på 300.000 samanlikna med året før vart meir enn kompensert for av ei dobling av resultatet før skatt til 3,2 millionar

Statleg tilskot
Tildeling av eit statleg produksjonstilskot mynta på økonomisk vanskelegstilte aviser med heile 438.102 kroner, var medverkande til det sterke resultatet.

Lokalavisa for Sotra og Øygarden har ein økonomisk soliditet få Sotra-verksemder kan skryta av. Vestnytt-bygget i Skjenet, og andre eigedelar vert i rekneskapen for 2015 verdsette til 29,1 millionar. Etter ei solid nedbetaling på 1,4 millionar, utgjorde gjelda ved årsskiftet seks millionar. Eigenkapitalen utgjer 79,3 prosent.

Vestnytt – nøkkeltal (i heile 1.000)
                                2015           2014           % endring
Driftsinntekt           20.900         21.200              – 1,4
Resultat før skatt      3.200           1.700               88
Eigenkapital            22.300         20.000               11,5
Gjeld                            6.000           7.400             – 18,9

Ny sjef
Sturle Rasmussen er tilsett som leiar for Schibsted Norge sine lokalaviser. Han kjenner både Vestnytt og Askøyværinga frå rolla som styreleiar i lokalavisene.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s