Lesarane rømer Askøyværingen

Fjoråret var eit år i motbakke for Askøyværingen og nytilsett redaktør Tom-Stian Karlsen.

Askøyværingen har lukka nettavisa. Det skal verta spanande å sjå korleis lukkinga vil påverka opplagstal og driftsinntekter.
Askøyværingen har lukka nettavisa. Det skal verta spanande å sjå korleis lukkinga vil påverka opplagstal og driftsinntekter.

Lesarane rømer Askøyværingen. Kvar tredje lesar har forlate avisa sidan 2010. Etter ein opplagssvikt på over 15 prosent berre i fjor, enda det godkjende opplaget på 3.638 eksemplar, ifølgje Medienorge.no.

Askøyværingen er ein del av Schibsted-konsernet og vert no styrt direkte frå Oslo.

Les: Festar grepet om Vestnytt og Askøyværingen.

Svikten i lesartalet påverka både talet på betalande abonnentar og annonseinntektene. Driftsinntekta enda på 12 millionar kroner etter ein reduksjon på 34 prosent.

Tapte produksjonstilskot
Resultatet før skatt vart negativt, med 391.000 kroner, ned frå pluss fire millionar i 2014.

Medverkande til det svake resultatet var tapet av statleg produksjonstilskot. Produksjonstilskotet, som i utgangspunktet er meint å støtta økonomisk vanskelegstilte aviser, utgjorde 361.024 kroner i 2014.

Solid økonomi
Med fordringar på Schibsted-konsernet på heile 23 millionar kroner, har Askøyværingen, i likhet med Vestnytt, ein svært solid økonomi. Eigenkapitalen utgjer 21,5 millionar kroner. Gjelda vart betalt ned med ein million, og utgjorde 3,8 millionar kroner ved årsskiftet.

Lukka nettavis
Askøyværingen har i løpet av siste året teke steget til å bli ei lukka nettavis. Det skal bli spanande å sjå korleis den konsekvente lukkinga av alle nyhendesaker vil påverka opplagstal og økonomi for 2016.

Askøyværingen – nøkkeltal 2015 (i heile 1000)
2015           2014          % endring
Driftsinntekt                     12.000         18.300            – 34
Res. før skatt                         -391           4.000            – 90
Eigenkapital                      21.500         21.800            –   1,3
Gjeld                                      3.800           4.800           – 20

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s