Helgeturen: Veit du kvar Rubbegarnståna fyr er?

Bli med til Rubbegarnståna fyr. No som røsslyngen står på sitt aller finaste, byr området på ei sjeldan oppleving av den urørte Øygards-naturen.

Starten på løypa er godt merka.
Starten på løypa er godt merka, sjølv om skiltprodusenten har gått seg vill i rettstavinga…

”Tåna” er eitt av strilane sine uttrykk for eit nes som stikk ut i sjøen. Rubbegarnståna fyr finn du på eit vindblåst nes heilt nordaust på Hellesøy.

Kystlandskap
Første del av turen går gjennom typisk vestnorsk kystlandskap, med lynghei, einer, myrar og verbiten furuskog.

No i midten av august står røsslyngen på sitt aller finaste. Den eine raudrosa tua etter den andre…

Myrane har fått sin del av nedbøren denne regntunge sommaren, så gummistøvlar er eit must, sjølv om turlaget har lagt kloppar over dei våtaste partia.

280 grader

Frå fyrlykta har du utsikt 280 grader. Turlaget har også kasse med bok der du kan skriva namnet ditt.
Frå fyrlykta har du Fedjeosen rett nord og utsikt 280 grader. Turlaget har også kasse med bok der du kan skriva namnet ditt.

Brått opnar landskapet seg, og fyrlykta kjem til syne.

På nordspissen av Rubbegarnståna har du Fedjeosen rett nord og fri sikt 280 grader. Nokre holmar i vest vernar innløpet til Hjeltefjorden mot Nordsjøen. I nord ser du over til Hernar. I klårver kan du sjå heilt til Fedje. På høgrehanda har du Bøvågen i Radøy.

Ikkje tilfeldig at dei har plassert ei fyrlykt akkurat her…

Fisketur

Frå fyret kan også landkrabbarprøva fiskelukka. Du treng ikkje ha eigen båt.
Frå fyret kan også landkrabbarprøva fiskelukka. Du treng ikkje ha eigen båt.

Har du med fiskestong, er dette rette staden å prøva lukka…

Fleire stiar
Det er mogeleg å starta turen på Hellesøy kai. Men fleire stiar fører til fyret, og Tunnelsyn anbefaler den direkte og kortaste løypa. Ta av Fv. 229 mot Sprengsneset og sjå etter skiltet på venstre side som markerer starten på den tre kilometer lange rundløypa.

Følg Hjeltefjorden

Det fine med denne rundløpa, er at du kan følgja langs sjøkanten mot Hjeltefjorden tilbake.
Noko av det fine med denne rundløpa, er at du kan følgja sjøkanten langsmed Hjeltefjorden eine vegen.

Tilbaketuren kan du leggja langs austsida av neset. Følgja Hjeltefjorden langsmed sjøkanten til du når hyttefeltet på Sprengsneset.

Ein tydeleg merka sti går utanom hyttefeltet, i fall du ønskjer å drøya gjensynet med asfalten.

Stien er tydeleg trakka, og sentrale stadar er merka med blå stakar.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s