Få ting har revolusjonert liva våre i større grad – internett 25 år

Svært få fekk med seg kva som skjedde. 25-årsjubileet sist laurdag vart nesten like lite påakta. Få ting har revolusjonert liva våre i større grad enn internett.

The World at your fingetips. Det heile byrja med www.
The World at your fingetips. Det heile byrja med www.

6. August 1991 gjekk den aller første internettsida på lufta. Det var den unge dataprogrammeraren Tim Berners-Lee ved CERN sitt europeiske atomforskingssenter i Geneve som hadde pønska ut ei digital løysing for å hindra tap av kritisk informasjon, skriv The Telegraph.

Les: The world’s first website went online

Forretningsidé

Den unge Tim Berners-Lee skriv den første internettsida som ein forretnignsidé.
Den unge Tim Berners-Lee skriv den aller første internettsida som ein forretningsidé.

Den første internettsida hadde berre tekst, og hypelenkjer som viste til andre sider.

Sida var meint som ein presentasjon av ein forretningsstrategi. Her beskreiv Berners-Lee oppskrifta på kva internett var meint å vera, og korleis opphavsmannen såg for seg at det skulle fungera.

Fri tilgang
Internett-tanken vart skapt ut frå filosofien om at mykje akademisk informasjon skulle vera fritt tilgjengeleg for alle. Berners-Lee ønska at www skulle vera ein plass der folk over heile verda kunne dela og navigera seg fram til dokumentbasert informasjon ved hjelp av einkle søkefunksjonar.

Revolusjon
Internettbasert programvare som Facebook, Google og WordPress har revolusjonert kvardagen vår og gjort internett til ein sjølvsagt ting. I dag har sjølv bestemødrene internett på mobilen – ei oppfinning som på den tida framleis var stor og tung og utelukkande laga til å prata med.

For å forstå kor revolusjonerande tanken var, må vi sjå på korleis dataverda på den tida såg ut:

Den norske samtida
I 1991 var data og informasjonsteknologi framleis noko ukjend for nordmenn flest. Fram til då var det seld færre enn 500.000 pc-ar her til lands. Dei aller fleste pc-ane var frittståande – dei levde sitt eige liv utan nett-tilknyting. Informasjon vart utveksla på diskettar.

Den norske dataverda var todelt: Nokre få store organisasjonar som bankar og forsikringsselskap, hadde innført lukka stormaskinnettverk for å handtera rask veksande mengder med kundeinformasjon.

Open kjeldekode
Det brukarvenlege, grafisk skjermbiletet låg langt fram i tid. Den aller første sida hadde grøn tekst, på svart bakgrunn. Det tok eit år før det første biletet vart lasta opp.

I 1993 vart den opne kjeldekoden offentleggjort slik at World Wide Web vart allment tilgjengeleg. Resten er historie…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s