Fleire bustadlause vestom Bergen

Dei bur i campinghytter eller på hospits. Talet på bustadlause i regionen aukar. Heile 65 personar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vart i fjor registrerte som bustadlause. Truleg er talet på heimlause langt høgare.

Dei bur i campinghytter eller på hospits. Illustrasjonsfoto: Averøy kommune sitt prosjekt for bustadlause.
Fleirtalet av dei som er registrerte som bustadlause bur i campinghytter eller på hospits. Illustrasjonsfoto: Averøy kommune sitt prosjekt for bustadlause.

Talet på bustadlause framkjem av fylkesmannen i Hordaland sin statistikk over busituasjonen til personar som tok mot sosialstønad i kommunane.

32 heimlause fjellsokningar
Halvparten av alle bustadslause i regionen held til i Fjell, ifølgje fylkesmannen. I kommunen vart det i fjor registrert 32 personar som mangla bustad. Det var fem fleire enn i 2014.

I Askøy var det 24 personar som mangla ein stad å bu. Også her var det ein auke på fem personar samanlikna med året før.

Fire øygardsstrilar og fem sundsokningar vart registrert som bustadlause i fjor. Ingen av kommunane var med i statistikken i 2014.

Mørketal
Ikkje alle som tok mot sosialstønad i fjor er med i fylkesmannen sin oversikt. Mørketala kan difor vera store. I Fjell manglar til dømes informasjon om busituasjonen til heile 84 personar. I Askøy har 55 var busituasjonen til 55 sosialhjelpsmottakarar ikkje registrert.

Hospits eller campinghytter
Tala omfattar personar som i ein periode av året budde til dømes på hospits eller i campinghytter. Personar som sat i fengsel eller var på institusjon, og som ikkje hadde nokon bustad som venta på dei ved utskriving, vart også rekna som bustadlause.

19 fleire
19 fleire innbyggjarar stod utan bustad i dei fire kommunane i fjor enn året før, ifølgje fylkesmannen. I 2014 var det registrert 46 bustadlause i regionen, men då var Øygarden og Sund ikkje med i statistikken.

Det er NAV i dei einskilde kommunane som rapporterer tala til fylkesmannen i Hordaland.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.