– Folk vil køyra heilt til nattbordet!

Vil Kleppestø verta ein attraktiv stad å bu? Lar plan 213 seg realisera? Planane for utviklinga av regionsenteret på Askøy engasjerer både innbyggjarar og utbyggjarar. Mange av svara vil politikarane utsetja til den etterfølgjande detaljreguleringa.

Saksordførar Elsa Benjaminsen (A) ventar med politiske endringar til innbyggjarane har sagt sitt om Kleppestøplanen.
Saksordførar Elsa Benjaminsen (A) og Utval for teknikk og miljø ventar med politiske endringar i Kleppestøplanen til innbyggjarane har sagt kva dei meinar.

Kleppestøplanen, eller plan 213, som han offisielt heiter, vart lagt ut på høyring før ferien. Tirsdag var det informasjonsmøte. Eit 100-tals personar – flest innbyggjarar, men og ei handfull utbyggjarar – hadde sett av den fine seinsommarkvelden. Politisk var dette ei Arbeidarpartimarkering der saksordførar Elsa Benjaminsen, saman med plansjef Bente Karlsen, freista svara på spørsmål.

Les: Ny Kleppestøplan ut på høyring – detaljane diskuterer politikarane seinare

– Politikarane er opptekne av å få fortgang i planlegginga for Kleppestø – arbeidet har jo halde på i fem år. Vi la planen ut på høyring, utan å gjera politiske endringar i forslaget. Endringane ventar vi med til vi har fått tilbakemeldingane frå innbyggjarane, innleia Benjaminsen.

Les: Kaikanten og nærleiken til sjø skal prega Kleppestø

Ventar med detaljane
Planframlegget er ei balansegang mellom fylkesmannen sitt krav om fortetting, og den politiske bestellinga om ei moderat utbygging, ifølgje Benjaminsen.

Ei områderegulering er ein overordna plan som trekkjer dei store linjene. Mange spørsmål som opptek innbyggjarar såvel som utbyggjarar, ventar politikarane med å svara på til detaljplanlegginga i neste runde.

Ei handfull tema opptek innbyggjarar og utbyggjarar meir enn andre; trafikksituasjonen med parkering og kollektivtrafikk er tre tema som på mange måtar høyrer saman.

Korleis redusera trafikken?
Trafikkbelastninga i Kleppstø sentrum er alt i dag langt høgare enn ønska som følgje av stor gjennomgangstrafikk, kombinert med innfartsparkering på kaien. Utbygginga vil generera enno meir trafikk. Det same vil opprustinga av kollektivknutepunktet på kaien.

Det er ikkje ønskjeleg å køyra all trafikken gjennom sentrum, er Benjaminsen og Karlsen samde med innbyggjarane om.

Før eller seinare må det koma ein omkøyringstunnel, truleg frå rundkøyringa mot Stongafjellet og til rundkøyringa ved Vatnavatnet.

Berre ein del av sentrumsområdet kan byggjast ut før tunnelen står ferdig, ifølgje forslaget til rekkjefølgjekrav. Kor stor andel, er planen vag med å fastslå. Sjølve omkøyringstunnelen ligg dessutan utanfor denne planen, noko som i seg sjølv opnar for mange spørsmål.

Skulekapasiteten vil og leggja føringar for tempoet i utbygginga.

-Køyra til nattbordet

Ein stor del av fortettinga i Kleppestø sentrum er tenkt å koma på kaiområdet som i dag er innfartsparkering med plass til over 600 bilar.
Ein stor del av fortettinga i Kleppestø sentrum er tenkt å koma på kaiområdet som i dag er innfartsparkering med plass til over 600 bilar.

Mykje av fortettinga skal skje på kaiområdet som i dag vert nytta til innfartsparkering. I staden tilrår planleggjarane å sprengja ut eit felles parkeringshus med plass til minst 1.000 bilar i Løfjellet.

Korleis eit slikt anlegg skal finansierast, opptok mange av dei frammøtte. Eindel tvilte på realismen i heile prosjektet:

Parkeringshuset skal erstatta parkering i kjellar i dei nye bustadblokkene. Utbyggjarane skal kjøpa seg inn i parkeringsanlegget, i høve til kor mange bustadar dei planlegg, tenkjer plansjefen.

– Det vart dyrare å byggja parkeringsplassar i fjell enn i grunnen under dei nye bustadane, vart det hevda frå salen. Dessutan vert det 300 – 400 meter å gå frå Løfjellet til bustadane. Det er for langt å gå, med handleposar i regnver.

– Dette vil ikkje fungera. Folk vil køyra til nattbordet. Dei kjem ikkje til å kjøpa desse bustadane, innvendte ein av utbyggjarane.

Ny kollektivterminal
Ein ny kollektivterminal for buss og snøggbåt er tenkt å få ei sentral plassering på kaien, like nedanfor Maltvikaneset. Erfaring andre stadar har vist at det er attraktivt å byggja ut i tilknyting til kollektivknutepunkt, ifølgje Karlsen.

Parkeringshuset skal byggjast i fleire etappar. Eindel av prosjektet vil kunna finansierast gjennom Askøypakken, der det er sett av 200 millionar til innfartsparkering, sa Karlsen.

– Midlane til innfartsparkering i Askøypakken er alt brukt opp til anlegg andre stadar i kommunen, hevda Jann Atle Jensen (Dem).

1.000 bustadar?
Det politiske fleirtalet i Utval for teknikk og miljø har vedteke at det skal vera ei moderat bustadutbygging innanfor plangrensene. Det vil seia 680 – 700 nye bustadar. Det endelege talet er ikkje fastsett. På kaien skal 55 prosent av utbyggingsarealet nyttast til bustad, ifølgje Karlsen.

Det som ligg innanfor grensene til tidlegare vedtekne reguleringsplanar kjem i tillegg. Truleg vert det snakk om eit tusentals bustadar totalt, ifølgje Benjaminsen.

Planen er fleksibel på den måten at utnyttingsgraden kan variera frå område til område. Kor mange bustadar det vil verta plass til i dei einskilde områda, vil først verta avgjort i detaljreguleringa. Maksimal byggjehøgde vil verta seks etasjar – lågare enn Maltvikaneset i dag, orienterte Karlsen.

Den endelege utnyttingsgraden kan verta mangedobla, dersom arealutnyttinga først skal avgjerast i detaljreguleringa, fryktar Jensen.

– Dei første utbyggjarane vil leggja opp til ei høgare utnytting og bruka opp heile bustadkvoten. Dei etterfølgjande vil søkja om dispensasjon frå utnyttingsgraden, innvendte Jensen.

– I så fall har ikkje vi som politikarar gjort jobben vår. Den nye koalisasjonen har skore ned på talet på dispensasjonar, sa Benjaminsen.

Bandlagte i fleir tiår
Utbygginga av Kleppestø er tenkt å skje over 20 – 30 år. Det vert lagt opp til å setja av eindel område til gang og sykkelveg, og opna for tilgang til sjø fleire stadar.

Kven skal finansiera gang og sykkelvegane? og grøntområda? var det mange som spurte om.

Planen bandlegg dessutan eindel noverande bustadeigedomar i utkantane av senterområdet. Her skal det ikkje vera lov til å dela av tomtar til nye einebustadar. All framtidig utvikling skal skje som fortetting i rekkjehus eller blokker. Detaljane vil først verta avgjort i ei framtidig detaljregulering, ifølgje Karlsen.

Fleire i salen var skeptiske til at bandleggjinga vil leggja eit utidig press på grunneigarane.

– Ekspropiering vert ikkje aktuelt, svara Karlsen på spørsmål frå urolege innbyggjarar som får eigedomane sine bandlagte i fleire tiår om planen vert vedteken slik han ligg føre.

– Politikarane veit ikkje alt!
– Vi må gjera noko med Kleppestø. Det er vi alle samde om. Vi politikarar veit ikkje alt. Send innspel! Vi er avhengig av dykk, oppfordra Benjaminsen.

Frist for innsending av skriftlege innspel er 15. september.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.