Gult, grønt eller lure-gult på Rongøy?

Dei sjønære einebustadtomtane på Rong har gått unna i langt raskare tempo enn politikarane hadde våga håpa på då dei laga dei første reguleringsplanane på 1970-talet. No vurderer formannskapet i Øygarden å regulera inntil 550 nye bustadar på øya.

Einebustadtomtane langsmed Rongesundet har gått unna langt raskare enn politikarane i Øygarden hadde våga håpa på.
Einebustadtomtane langsmed Rongesundet har gått unna langt raskare enn politikarane i Øygarden hadde våga håpa på. No vil politikarane byggja saman byggefelta nord og sør på øya.

Områdereguleringsplanen for Rongøy stod ikkje på sakskartet, men kom likevel opp som drøftingssak i formannskapet i Øygarden i dag.

Eitt stort bustadområde
Planen omfattar heile Rongøy, frå Rongesundet i sør til Ulvsundet i nord.

Rongøy er den folkerikaste øya i Øygarden, og er for lengst utbygd med bustadfelt både i sør og nord. I tillegg finst det eindel spreidd busetnad i nordvest. No ønskjer formannskapet å binda saman dei eksisterande bustadområda til eitt stort gul-merka bustadområde i reguleringsplanen, med samanhangande infrastruktur.

Totalt føreslår planutvalet 550 nye bustadar, medrekna dei som vert planlagt i senterområdet, orienterte einingsleiar Øyvind Lunde for teknisk plan og forvaltning.

Området rundt kommunesenteret på Rong vert behandla i ein eigen plan, som legg opp til ei fortetting på inntil 150 bustadar.

Drøfta i Planforum

Talet på bustadar er auka med 150, trass i merknad frå fylkesmannen om at det var for mykje gult i planen.
Talet på bustadar er auka med 150, trass i at fylkesmannen meinte det var for mykje gult i planen som vart presentert for Planforum i vår. Einingsleiar Øyvind Lunde for teknisk plan og forvaltning orienterte om områdereguleringsplanen for Rongøy.

Områdereguleringsplanen har ikkje vore oppe til politisk behandling i heimkommunen, men er likevel drøfta i Planforum med fylkesmannen og fylkeskommunen. Her vart det varsla motsegn mot dei kryssløysingane som først vart føreslegne, ifølgje Lunde.

Som følgje av tilbakemeldingane frå fylkesmannen er kryssløysingane endra. Samstundes er talet på bustadeiningar føreslege auka med 150, til 400. Det er gjort trass i at fylkesmannen signaliserte at det var vel mykje gult i den opphavelege planen, ifølgje Lunde.

Må vera realiserbart
Kor store område treng ein setja av til bustad? er politikarane i formannskapet opptekne av. Skal ein ha gult både på aust og vestsida av fylkesvegen, eller bør ein konsentrera utbygginga på austsida?

Silvia Haugland er oppteken av å få til ein plan som lar seg realisera i planperioden, altså dei neste 10 – 15 åra. Det er mange andre område i kommunen der ein også jobbar med store utbyggingsplanar. Ein må vurdera marknaden – alt lar seg ikkje realisera dei første tiåra.

Lure-gult
Ligg utbygginga av eit område for langt fram i tid, kan det vera like greit å markera området som grønt – altså landbruk, natur og friluft – og heller omregulera føremålet når utbygginga nærmar seg. Elles kan grunneigaren kan hende oppfatta det gule som lure-gult, sa ordførar Børge Haugetun.

Fordela plager og inntekter
Ikkje alle grunneigarane er like ivrige etter å selja. Ein bør fordela både plager og inntekter på grunneigarane, ikkje la ein verta sitjande att med alle problema, var Ingrid Marie Toft oppteken av.

Sidan eigedomsgrensene stort sett går aust – vest, kan ein kanskje oppnå ei nokonlunde rettferdig fordeling grunneigarane i mellom ved å konsentrera utbygginga på austsida av vegen, filosoferte Haugetun.

Politikarane bør også merkja seg at det på austsida vil vera einkelt å få til ein samanhangande gang- og sykkelveg utanom fylkesvegen.

Gang- og sykkelveg
Ei utbygging på vestsida skapar større utfordringar med tanke på gang- og sykkelveg. På fylkesplan er dei opptekne av å stimulera folk til å gå og sykla meir. Dei krev difor eigen sykkelbane atskilt frå den eksisterande gangvegen, informerte rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

-Eg tvilar på at alle som bur i området vil gå eller sykla til butikken, sjølv om dei har høve til det. Eindel vel nok heller å setja seg i bilen og dra sørover, meinte Haugetun.

Eit meiningslaust krav
– Kravet verkar meiningslaust, her ute. Rongøy er ikkje Loddefjord, og det bør dei ha forståing for på fylket, hevda varaordførar Atle Dåvøy.

– Sjå på kartet. Når vi trekkjer frå strandsona på begge sider, vert det ikkje mykje att til å byggja på. Vi kan ikkje setja av enno meir areal til gang- og sykkelveg, argumenterte varaordføraren.

Områdereguleringsplanen for Rongøy kjem opp til politisk behandling seinare i haust.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s