Fjell har passert 25.000 og Sund 7.000 innbyggjarar

Både Fjell og Sund har i løpet av våren passert viktige milepælar for innbyggjartal. Askøy er likevel den kommunen som kan visa til den største folkeauken.

Folkeveksten tok seg litt opp at i andre kvartal, etter tilnærma stillstand dei tre første månadane i år, ifølgje SSB.

Passerte 25.000
Fjell hadde ved utgangen av juni månad 25.010 innbyggjarar – 140 fleire enn ved årsskiftet. 134 nyfødde fjellsokningar bidrog til eit fødselsoverskot på 61 personar. Samstundes var det 79 fleire som flytta til kommunen enn som valte å senda flyttelasset heim att.

Målt i prosent er folkeveksten i den tidlegare vekstkommunen likevel redusert til ei svak sildring, samanlikna med tidlegare år – berre 0,5 prosent.

7.032 sundsokningar
På rådhuset i Sund har dei lenge venta utolmodig på innbyggjar nummer 7.000. Ved midtsommarsleitet var det 7.032 personar som kunne skryta av å vera sundsokning.

Folkeauken i første halvår utgjorde 57 personar – tilsvarande 0,8 prosent.

Sund var einaste kommunen i regionen som kan visa til høgare fødselsoverskot enn til netto innflytting i første halvår.

Veks på innflytting
Høg netto innflytting sikra Øygarden den prosentvis sterkaste folkeveksten i regionen – heile 1 prosent.

49 nye øygardsstrilar inneber at kommunen no har passert 4.852 innbyggjarar. Fødselsoverskotet utgjorde berre 10 personar.

Askøy mest populær
Askøy siglar opp som den mest populære kommunen i regionen. 268 nye asketappar fordeler seg nokonlunde jamnt mellom nyfødde og innflytta.

Eit fødselsoverskot på 129 ungar og ei netto innflytting på 139 personar sikra den grøne kommunen på andre sida av Hjeltefjorden ein folkeauke på 0,9 prosent.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s