– BKK kjøper ikkje grunnen

Åtte grunneigarar i Øygarden, tre i Lindås og 15 i Radøy vert omfatta av BKK si skjønssak for grunnerverv til den nye 420 kV kraftlina Mongstad – Kollsnes.

Ei av mastene til den nye 420 kV linja gjennom Øygarden.
Ei av mastene til den nye 420 kV linja gjennom Øygarden. Foto: BKK.

Det er ingen dramatikk som ligg bak avgjerda om å gå til skjønssak mot Øygarden kommune om erstatning for arealet som går tapt som følgje av den nye kraftlinja Mongstad – Kollsnes. Det hevdar Solveig Renslo, innleigd som delprosjektleiar med ansvar for grunn og rettighetserverv for Mongstad – Kollsnes i BKK.

Les: BKK vil avgjera tomtestrid i retten

Avsett til industri
BKK har inngått frivillige avtaler med fleirtalet av grunneigarane som vert berørt av kraftlinja. Det aller meste er skog og utmarksområde. Dags dato står det att å koma til semje med 26 grunneigarar, åtte i Øygarden, tre i Lindås og 15 i Radøy, ifølgje Renslo.

Det at kraftlinja Mongstad – Kollsnes i Øygarden også går gjennom eit område som i arealplanen er avsett til industri, gjer det til ei meir kinkig sak å avgjera erstatninga. I slike tilfelle kan det vera greit å få ei uavhengig avgjerd gjennom ei skjønssak, seier Renslo.

Ervervar rettighet

Ein av kablane vert trekt i land på Øygarden kommune sin eigedom i Ljøsnessundet.
Ein av kablane vert trekt i land på Øygarden kommune sin eigedom i Ljøsnessundet. Foto: BKK

– Grunneigarane skal få rett erstatning for det tapet dei lid, men dei skal ikkje tena på å få ei kraftlinje over eigedomen, seier delprosjektleiaren for grunn- og rettighetserverv for Mongstad – Kollsnes i BKK.

– BKK kjøper ikkje eigedomen, dei ervervar ein rettighet til å strekkja kabel over grunnen. Grunneigarane får beslaglagt eit areal. Det gjer erstatningsspørsmålet annleis enn om ein hadde kjøpt grunnen, understrekar Renslo.

Renslo kjenner seg ikkje att i rådmann Siri Falhvik Pettersen si omtale av omsynssonene.

Tilpassningsplikt
– Når det gjeld slike samfunnsviktige anlegg som kraftlinjer, er grunneigar pliktig til å tilpassa seg, seier Renslo.

Forskrift for elektriske anlegg regulerer kor nært ein kraftledning Øygarden kommune kan byggja – ti meter på kvar side av den ytterste strengen. Det beslaglagte området har ei breidde på 40 meter totalt. Langs kabelgrøfter utgjer det beslaglagte området 15 meter på begge sider.

– Kommunen kan framleis nytta tomten til andre føremål, som parkering eller grøntanlegg. Ein grunneigar vil uansett aldri kunna byggja på 100 prosent av ein tomt, hevdar delprosjektleiaren for grunn- og rettighetserverv for Mongstad – Kollsnes i BKK.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s