BKK vil avgjera tomtestrid i retten

Øygarden kommune er langt frå nøgd med erstatninga BKK har tilbode for tapet av tomtane i Naturgassparken som vert berørt av den nye høgspentlinja til Kollsnes. No vil BKK avgjera tomtestriden i Nordhordland Tingrett.

Rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden set si lit til at retten vil koma fram til eit betre skjøn enn det BKK har tilbudt. Foto: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.
Rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden set si lit til at retten vil koma fram til eit betre skjøn enn det BKK har tilbudt. Foto: Øygarden kommune/ John Kenneth Aase.

To av Øygarden kommune sine tomtar i Naturgassparken på Kollsnes vert berørt av BKK sine nye høgspentlinjer til Kollsnes. No strides kommunen og kraftleverandøren om kor stort areal som vert omfatta, og kva verdi arealet har, seier rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden kommune til Tunnelsyn.no.

Onsdag denne veka orienterte rådmannen formannskapet om at forhandlingane ikkje har ført fram og at saka vil verta avgjort som ei skjønssak i Nordhordland Tingrett.

Strides om omsynssone
Den eine tomten er på 600 kvadratmeter. Storleiken på den andre tomten vert eitt av hovudspørsmåla retten må ta stilling til.

Lova krev at det vert sett av ei omsynssone på begge sider av kraftlina. Ei omsynssone kan ikkje nyttast til andre føremål. Avhengig av korleis storleiken på omsynssona vert fastsett, kan det tapte arealet variera frå 2,3 til 12 dekar, ifølgje Fahlvik Pettersen.

300 kroner forskjell
Erstatningssummen er det andre spørsmålet skjønsretten må avgjera. Gapet mellom erstatninga BKK har tilbode for tomtane og kva Øygarden kommune krev er stort, heile 300 kroner kvadratmeteren. BKK har tilbydt 150 kroner per kvadratmeter. Øygarden kommune meiner tomtane er verd så mykje som 450 kroner kvadratmeteren.

Fahlvik Pettersen har ingen problem med kravet:
– Øygarden kommune ønskjer å regulera tomtane til industri og næring og selja dei, seier rådmannen.

Øygarden kommune eig Naturgassparken saman med CCB AS, og kjenner difor godt til tomteprisane i området. Siste tomten som vart seld gjekk for 450 kroner kvadratmeteren, fortel Fahlvik Pettersen.

BKK ville ikkje meir
No set rådmannen si lit til at retten vil koma fram til eit gunstigare skjøn enn tilbodet frå BKK.

– Forhandlingane er avslutta, vi kunne gjerne ha forhandla vidare. BKK ville ikkje gje meir, og vil ha retten til å avgjera saka, seier Fahlvik Pettersen som så smått har starta arbeidet med underlaget til skjønssaka.

Advertisements

2 Comments

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.