Statoil kuttar milliardar på gjenbruk – nytt felt iland til Kollsnes

Ved gjenbruk av eksisterande infrastruktur reknar Statoil med å kunna kutta investeringskostnadane for utbygginga av Byrding-feltet frå 3,5 til ein milliard kroner.

Prinsippskisse for utbygginga av Byrding. Illustrasjon: Statoil.
Prinsippskisse for utbygginga av Byrding. All insfrastruktur, med unntak av brønnen frå Fram H-Nord vil verta gjenbrukt. Illustrasjon: Statoil.

Byrding-feltet, tidlegare kalla Astero, ligg like nord for Troll C vest for Øygarden. Feltet vert planlagt bygd ut som eit subseafelt, med ein sju kilometer lang greinbrønn frå ei eksisterande botnramme på havbotnen 360 meter under vassflata.

Kollsnes
Feltet vert rekna å innehelda 11 millionar fat oljeekvivalentar. Av det vil 300 millionar kubikkmeter gass verta ført i land til Kollsnes via den etablerte gassrøyrleidinga frå Troll C. Olja vil verta ført i land via ein tilsvarande leidning til Mongstad.

Les: Nytt felt i land til Stureterminalen

Statoil leverte PUD – plan for utbygging og drift av Byrding til Olje- og energidepartementet i dag.

Kuttar 2,5 milliardar

Frå denne havbotnramma på Fram-feltet skal det borast ein sju kilometer lang brønn med to greiner.
Frå denne havbotnramma på Fram-feltet skal det borast ein sju kilometer lang brønn med to greiner.

I løpet av planleggingsprosessen har investeringsbehovet blitt redusert frå 3,5 milliardar kroner til eit estimat på nær ein milliard, melder Statoil i ei pressemelding.

– Dette er eit eksempel på korleis vi dreg nytte av eksisterande infrastruktur for å realisera nye funn, seier Torgeir Rød, direktør for prosjektutvikling i Statoil.

Under 50 dollar fatet
Utbygginga vil verta lønsam, også med dagens oljepris, understrekar prosjektdirektøren.

Planlagt produksjonsstart vert opplyst å skje i 3. kvartal 2017. Feltet vil vera i produksjon i 8 – 10 år.

Les: Investerte 65 millionar i forsking og utvikling

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s