Tenk om vi berre hadde hatt olje…

Bytteforhaldet mellom olje og laks er dramatisk endra dei siste åra. Noko å tenkja på for eit samfunn som lever med ein fot i kvar næring.

Bytteforhaldet mellom olje og laks.
Bytteforhaldet mellom olje og laks, endringar frå 2009 til 2016. Illustrasjon: Gunnar Torgersen/Holberggrafene.

Asketappen Gunnar Torgersen er investeringsdirektør i Holberg Fondene og jobbar med økonomiske analyser. For å gjera det enklare å forstå resultatet av analysane, pleier han å presentera dei grafisk. Med ujamne mellomrom sender fonda ut eit knippe aktuelle grafar på epost til kundar og prospekts.

Tunnelsyn-redaktøren har plukka ut ein av grafane frå sendinga denne veka: Fiskeoljebrøken.

– Grafen fangar opp dei to viktigaste hendingane i den norske økonomien dei siste åra, seier Torgersen når Tunnelsyn ber han utdjupa.

Laks mot olje
Her kan vi studera fallet i oljeprisen, sett opp mot framveksten av ei sterk oppdrettsnæring.

Kjøpekrafta til oljeindustrien har blitt redusert. Bytteforhaldet mellom olje og fisk er endra. For få år sidan måtte du ut med 25 kilo laks for eitt fat olje. I dag er ein velvaksen laks på seks kilo nok til å betala for eitt fat olje, seier Torgersen.

Tenk om vi berre hadde hatt olje… Kanhende bør Kyst-Norge finna enno fleire bein å stå på?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.