Finaste moserosa

Moseroser er særs velduftande historiske roser du sjeldan treff på hagesenter.

Alfred Delmas i knopp. Her ser ein tydeleg dei moseaktige dekkblada som hargjeve namn til moserosene.
Alfred Delmas i knopp. Her ser ein tydeleg dei moseaktige dekkblada som hargjeve namn til moserosene.

Ein merksam lesar har notert seg min tidlege fascinasjon for moseroser, og bedt meg dela erfaringane.

Les: Natthagen

Moseroser – namnet har dei fått avdi dei er ustyrt med kvaeduftande kjertelhår på dekkblada og øvst på stilken. Stryk du fingrane over kjertelhåra, kjenner du kvae-lukta tydeleg. Hos dei mest typiske sortane kan kjertelhåra sjå ut som mose.

Rosene kan vera både fylte og halvfylte. Fargespekteret går frå kvitt via rosa til raudt, som for alle historiske roser.

Begrensa tilgang gjer at eg ikkje har fått utforska breidda i utvalet, slik eg gjerne skulle ønskja. Uvisst kvifor er desse historiske og særs velduftande rosene sjeldne å treffa i hagesentre.

Alfred Delmas

Utsprungen Alfred Delmas med rosa knopp ved sida av.
Utsprungen Alfred Delmas med rosa knoppar på sida.

Min personlege favoritt er Alfred Delmas. Svakt rosa knoppar i små klasar faldar seg ut til kvite, halvfylte roser tidleg på sommaren. Duftar himmelsk!

Alfred Delmas var ei av dei aller første rosene eg kjøpte då eg byrja opparbeida hagen. Seinare har ho stått i ei vid krukke, og ser ut til å trivast utmerka. I våte somrar som denne har ho likevel ein tendens til å få sopp og mista eindel av blada utpå sommaren.

Dei anbefalte

Djup raude Henri Martin.
Djup raude Henri Martin.

Er du heldig, kan du treffa på ei Henri Martin eller ei Blanche Moreau på tur innom eit hagesenter. Begge vert frå fagleg hald framheva som gode sortar. Hos meg trivest dei tilsynelatande ikkje.

Blanche Moreau.
Blanche Moreau.

Blanche Moreau har som namnet seier, spir kvite fylte roser.

Hos Henri Martin er kjertelhåra nærast for piggar å rekna.
Hos Henri Martin er kjertelhåra nærast for piggar å rekna.

Henri Martin har djupt raude roser. Hos sistnemnde er kjertelhåra meir for piggar å rekna.

Cristata er ein fylt, rosa variant som tek dette med kjertelhår heilt ut. Her er knoppane heilt dekka av kraftig ”mose”.

Lite informasjon

Cristata
Cristata.

Moseroser vert sjeldan omtala i faglitteraturen, og då nærast berre i ein bisetning. Heller ikkje på internett verkar det vera mykje informasjonen å henta. Har leita forgjeves etter litteratur som kan utdjupa skilnadane mellom moseroser og sokalla moskus-roser.

Det skal ikkje vera einkelt! På engelsk vert «moss rose» ofte forveksla med portulakk, som er ein sukkulent.

Rosariet på Milde
Beste kjelda til informasjon om moseroser, i alle fall for oss i Bergensområdet, verkar vera Rosariet på Milde der dei har ei fin samling i den historiske bakken. Ver obs på at moseroser er historiske roser som vanlegvis blømer tidleg.

Advertisements

2 Comments

  1. Hei… Med interesse leste jeg om Natthagen. Navnet er brukt og beskyttet av Natthagen galleri og har sin historie. Ta kontakt for å få informasjon eller gå til natthagen.no

    Likar

    1. Hei,
      Så bra de har valt eit assosiasjonsrikt norsk ord som namn på galleriet dykkar! Er sikker på at de får mange spanande utstillingar med god respons! Lukke til!

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s