Bustadane hopar seg opp i Fjell

Det er fleire bustadar på marknaden i dei fire kommunane vestom Bergen enn det vart seld i april, mai og juni totalt. Bustadreserven tilsvarar 112 prosent av salet i andre kvartal. Lengst tid vil det ta å selja unna bustadane i Fjell og Øygarden.

Eigedomssal
Redusert aktivitet på CCB gjer at det  no byrjar det verta svært mange bustadar til sals i Ågotnes-området. Seks av ti ledige bustadar i Fjell finn vi i Straume sentrum.

Tal for bustadreserven finn vi ved å samanlikna salet av bustadar i ein periode, med det som er til sals ved slutten av perioden.

Stort utval

Sal av bustadar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i april, mai og juni, samanlikna med dagens bustadmarknad.
Sal av bustadar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i april, mai og juni, samanlikna med dagens bustadmarknad.

Dei som vurderer å kjøpa ny bustad i Fjell, Sund, Øygarden eller Askøy har i dag 433 bustadar å velja mellom, ifølgje Finn.no.

Desidert størst er utvalet i Fjell. Her finn ein meir enn halvparten av bustadane – heile 235. I Askøy, som har 3.650 fleire innbyggjarar, er det til samanlikning berre 140 bustadar å velja mellom.

Også i Øygarden er det no fleire bustadar på marknaden enn det vart seld i vår- og sommarmånadane.

Auka sal i andre kvartal
Bustadsalet i kommunane vestom Bergen tok seg noko opp att i takt med veksten i folketalet i andre kvartal.

Seks av ti bustadar som skifta eigar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i første halvår 2016 vart seld i andre kvartal. Totalt vart det seld totalt 384 bustadar i april, mai og juni, viser tal frå SSB.

Størst tempo i bustadmarknaden er det i Askøy. Her var det 170 bustadar som skifta eigar i perioden. Fjell låg like bak, med 161 selde bustadeigedomar.

Selde 2. kvartal Til sals
Sund 30 26
Fjell 161 235
Askøy 170 140
Øygarden 23 32
 totalt 384 433
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s