Reduserer bustadarealet – opnar for fortetting på Rongøy

Arealet avsett til framtidige bustadar i tilknyting til kommunesenteret på Rong bør reduserast med ein tredjedel. Kor mange nye bustadar det vert på Rongøy totalt, vil avhenga av utbyggingsgraden i dei einskilde byggjeområda.

Ja-ordførar Børge Haugetun fekk støtte frå Silvia Haugland og Inger Margrethe Toft. Espen Harkestad seier nei, og Atle Dåvøy stemte blankt.
Formannskapet i Øygarden vektlegg varsla innsigelsar frå Fylkesmannen og Statens vegvesen når dei planlegg fortettinga av kommunesenteret på Rong.

 

Etter å ha vore under arbeid i åtte år, hastar det med å få ferdig områdereguleringa for Rongøy, tenkjer formannskapet i Øygarden. Berre ei veke etter at planen kom opp som drøftingssak – utan å stå på dagsorden – kom han opp til første gongs politisk behandling i eit ekstraordinært møte.

Les: Gult, grønt eller lure-gult på Rongøy?

Omsyn til varsla innsigelsar
Varsla innsigelsar frå Fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen veg tungt i formannskapet sine vurderingar.

Fylkesmannen si innvending var at det var for mykje gult i forslaget. Signala frå Regjeringa er tydelege på at kommunane må byggja tett i senterområda. Erkjenninga bidrog til at politikarane reduserte arealet avsett til framtidig bustadbygging på Rongøy frå 432 til 282 mål.

Slik såg plankartet ut før dagens møte i formannskapet. Dei tre gule bustadområda på vestsida av fylkesvegen vil no verta tekne ut. Fortettinga skal i staden skje på austsida, med start i den sørlege enden.
Slik såg plankartet ut før dagens møte i formannskapet. Dei tre gule bustadområda på vestsida av fylkesvegen vil no verta tekne ut. Fortettinga skal i staden skje på austsida, med start i den sørlege enden.

Utbyggingsgraden har politikarane likevel ikkje sagt noko om. Den vil først verta fastslegen i den seinare detaljreguleringa for kvart felt, understreka ordførar Børge Haugetun (TVØ).

Austsida av vegen
Bustadutbyggings på austsida av fylkesvegen bør verta prioritert, er politikarane samde om. Startande frå sør, er målet for dei komande 10 – 15 åra å binda saman dei eksisterande byggjefelta på sørsida, med kommunesenteret på nordsida av øya. Ei slik utbygging kan la seg realisera utan altfor stor kostnadar til nye gang- og sykkelvegar, fotgjengarundergangar og planfrie vegkryss, ser formannskapsmedlemmane for seg.

Prioriteringa inneber at dei to føreslegne byggjefelta på vestsida av fylkesvegen vert tekne ut av plankartet. Politikarane tek også ut halvparten av eit mindre område på austsida attmed krysset til Storevarden.

Kostbare kryss
Eit argument for å avslå utbygging på vestsida, er at nye avkøyrslar kunne ha utløyst innsigelsar frå Statens vegvesen. Alternativt ville ei utbygging her ha utløyst krav om store investeringar i planfrie kryss og fotgjengarundergangar. Tiltak Øygarden kommune ikkje ser seg råd til å prioritera, og som truleg ville ha skremt ein potensiell utbyggjar til å sjå seg rundt eller alternative tomtar.

Skuleutbygging
Eit anna brennheitt tema er behovet for å setja av areal til framtidig skuleutbygging.

Skulen på Rong har i dag plass til 180 elevar. Adhoc-utvalet for skuleutbygginga vurderer no ei total renovering av skulen og skuleområdet. Truleg vil ein ha behov for 50 kvadratmeter per elev, gymsal og uteområde medrekna. Områdeplanen bør difor sikra at det vert avsett ni mål til skuleformål. Meir vil det ikkje vera behov for. Då dette er innanfor grensene til det kommunen alt eig, unngår ein konfliktar med private grunneigarar som kan koma til å krevja innløysing dersom deira areal vert bandlagt.

Parkering til Ormhilleren
Eit anna ømt punkt for politikarane er forslaget til ny parkeringsplass med avkøyring til friområdet Ormhilleren på vestsida av fylkesvegen. Ei ny avkøyrsle til Ormhilleren er naudsynt, er alle samde om. Å realisera ein slik plan kan likevel verta kostbart, ser dei for seg. Kven skal ta rekninga?

Forhandlingar og justeringar
Kanskje kan ei ny parkering vera mogeleg å få til i kombinasjon med ei utviding og fortetting av naustområdet rundt Breivika? Men så har jo fylkesmannen signalisert at det er nok naust. Her bør det vera mogeleg med forhandlingar…

Politikarane sine forslag skal no innarbeidast i planen. Ei rekkje mindre tiltak skal også vurderast før politikarane får han tilbake til ny vurdering.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.