Båt – eit rimeleg alternativ til ny Sotrabru

Sotra-samfunnet bør vurdera båt som alternativ til ny Sotrabru, oppfordrar administrerande direktør Siri Hatland i Kystrederiene.

Fraktebåtar vil kunna erstatta ein av tre lastebilar over Sotrabrua, hevdar administrereande direktør Siri Hatland i Kysterederiene.
Fraktebåtar vil kunna fjerne ein av tre lastebilar frå køen over Sotrabrua, hevdar administrereande direktør Siri Hatland i Kysterederiene. Foto: Arne Johan Egge/Kystrederiene.

Fleire hundre lastebilar står dagleg i køen over Sotrabrua med gods og varer til og frå lokal industri og varehandel.

Ta ut kvar tredje lastebil
– Kvar tredje lastebil kunne ha vore vekke frå Sotra-vegane dersom lokal industri og varehandel hadde vore flinkare til å frakta varene sine med båt i staden for med lastebil, hevda administrerande direktør Siri Hatland då ho føredrog for Senioruniversitetet Sotra og Øygarden om sjøen sine fortrinn som transportåre.

Nett kor mange lastebilar som kunna ha vore tekne ut av køane over Sotrabrua, har Hatland i Kystrederiene ikkje oversikt over, men det er mange, fastslår ho.

På landsbasis reknar Kystrederiene med at ei full utnytting av sjøen sitt potensiale for varetransport kan erstatta 300.000 lastebilar.

Eit hundretals rederi
Kystrederiene er ein interesseorganisasjon som samlar eit hundretals kystrederi med 280 båtar og 2.000 tilsette. Å marknadsføra fraktebåten som alternativ til veitransport er ei av hovudoppgåvene til organisasjonen.

Passsjertrafikk

Med hurtigbåt vil det berre ta 20 minutt frå Bergen sentrum til Klokkarvik, hevdar Siri Hatland.
Med hurtigbåt vil det berre ta 20 minutt frå Bergen sentrum til Klokkarvik, hevdar Siri Hatland.

Kystrederiene omfattar ikkje passarsjer- eller hurtigbåtar. Hatland er likevel ikkje i tvil om at Sotra, ja heile Bergens-området med fordel kunne ha satsa på hurtigbåtar i passasjertransporten.

Sjølv bur Hatland på Klokkarvik. Frå stoveglaset ser ho dagleg ei rekkje hurtigbåtar fara forbi ute på fjorden, utan å leggja til kai:

– Med hurtigbåt ville turen frå Bergen sentrum og ut hit ha teke 20 minuttar, konstaterer ho.

Raskare enn Bybanen
– I Bergen satsar dei på saktegåande Bybane til Flesland. Ein tur som tek over ein time. Ein hurtigbåt frå sentrum, via Liaskjæret, Skogsvåg og Klokkarvik og over til Flesland ville ha teke kortare tid, hevdar Hatland.

Politiske hindre

- Passasjerbåt til Sotra vil ikkje fungera, meinar Ranveig Frøiland (A) som var tilstade under Hatland sitt føredrag. Reisemønsteret til Sotrastrilane gjer at den tidlegare ministeren er svært skeptisk til hurtigbåt som kollektivt framkomstmiddel. Berre 18 prosent som reiser over Sotrabrua skal til sentrum. Og kvar skal båten leggja til? Ågotnes? Brattholmen? Dei må uansett ta buss dit, hevdar Frøiland.
– Passasjerbåt til Sotra vil ikkje fungera, meinar Ranveig Frøiland (A) som var tilstade under Hatland sitt føredrag. Reisemønsteret til Sotrastrilane gjer at den tidlegare ministeren er svært skeptisk til hurtigbåt som kollektivt framkomstmiddel. Berre 18 prosent som reiser over Sotrabrua skal til sentrum. Og kvar skal båten leggja til? Ågotnes? Brattholmen? Dei må uansett ta buss dit, hevdar Frøiland.

– Sjøen ligg der, klar til å takast i bruk, hevda Hatland.

Les: Då fjorden var Riksveg1

Administrerande direktør i Kystrederiene ser likevel fleire hindre for å verkeleggjera Regjeringa sin visjon om å få meir gods over frå veg til sjø. Dei fleste av dei er politiske:

Treng fleire kaiar
– Kystfartøya treng fleire anløpsstadar, seier Hatland.

Det at stadig fleire kommunar vel å selja unna dei offentlege kaiane gjer det ikkje akkurat einklare for dei som ønskjer å driva transport på sjø.

Gebyrauke
Offentlege kaiar vert i dag gjerne eigd av kommunale eller interkommunale havneselskap. Aukande gebyrsatsar gjer at anløpskostnadane er dobla sidan 2011, ifølgje Hatland.

– Gebyra varierer frå kommune til kommune. Dei gjer at det i eindel tilfelle vert dyrare for godseigarane å frakta varer på sjø enn på veg. At infrastrukturen er gratis vert ikkje teken med i reknestykket. Samfunnet nyttar i staden mange milliardar på å byggja bruer og tunnelar, seier administrerande direktør Siri Hatland i Kystrederiene.

Les: Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s