– Send merknad til Trafikksikringsplanen for Fjell!

Berre to merknadar til forslaget til trafikksikringsplan for Fjell er for lite. Anne Hestnes (A) som har leia planarbeidet etterlyser sterkare lokalt engasjement.

Knappe økonomiske midlar har tvunge Anne Hestnes (A) til hardhendt prioritering mellom trafikksikringstiltak i Fjell.
Knappe økonomiske midlar har tvunge Anne Hestnes (A) til hardhendt prioritering mellom naudsynte trafikksikringstiltak i Fjell.

28 millionar er det Fjell kommune har sett av til trafikksikringstiltak dei komande fire åra. Har du tankar om tiltak i ditt nærmiljø som bør få midlar, har du frist til 1. september til å senda merknad.

Framlegget til Trafikksikringsplan for Fjell 2017 – 2020 har lege ute til høyring sidan før ferien.

Tynt oppmøte
Berre ei handfull personar møtte fram på folkemøtet om trafikksikringsplanen på Rådhuset på Straume tirsdag kveld. No håpar Hestnes på ei lokal vekkjing i etterkant av sommarferien.

– Det er viktig å melda inn alle tiltak. Vi politikarar veit ikkje alt, understrekar Anne Hestnes.

Prioritering
I forkant av arbeidet var ho på synfaring kringom i bygdene saman med Karsten Sprenger (H) og Monica Alvheim (MDG). Knappe økonomiske midlar innebar at dette måtte gjerast ei hardhendt prioritering mellom dei mange tiltaka som var melde inn i forkant av rulleringa av trafikksikringsplanen.

Les: Kostnadssprekk på Bildøyvegen

Alle dei 36 innspela frå grendalag og organisasjonar har kome med på lista, sjølv om ikkje alle er prioriterte i denne omgangen, fortel Hestnes.

Fylkesvegane
Er du uroleg for tryggleiken i tilknyting til fylkesvegnettet, er det Statens vegvesen som er ansvarleg. Det er likevel viktig å melda tiltaket inn i denne samanhangen, understrekar Hestnes. Er ikkje tiltaket nemnt i kommunen sin trafikksikringsplan, vil det heller ikkje verta teke opp på høgare nivå.

Her kan du lesa meir om arbeidet med trafikksikringsplan for Fjell 2017 – 2020

Les: 0-visjon for trafikksikring

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s