Dispensasjonar i kø

Utval for teknikk og miljø i Askøy gjer det ikkje einkelt for fylkesmannen i Hordaland å nå målsetjinga om å få ned talet på innvilga dispensasjonar.

Dispensasjonssøknadane utgjer fleirtalet a sakene i UTM. Utvalsleiar Jannicke Bergensen Clarke bankar dei gjennom.
Dispensasjonssøknadane utgjer fleirtalet av sakene i UTM. Utvalsleiar Jannicke Bergensen Clarke er ikkje alltid samd, men bankar dei gjennom.

Heile 1620 innvilga dispensasjonar frå gjeldande planar og reglar i Hordaland er altfor mange, meinar fylkesmannen i Hordaland. No kjempar fylkesmannen for å få Hordaland ned frå toppen av lista over fylke med flest dispensasjonar. I Askøy gjer dei det ikkje lett for han.

Les: Hordland på dispensasjonstoppen

I gårsdagens møte i Utval for teknikk og miljø kunne utvalsleiar Jannicke Bergesen Clarke (A) banka gjennom heile sju dispensasjonssøknadar i løpet av få timar. Berre fem søknadar vart avslegne.

Fleire av dispensasjonssøknadene var klagesaker som tidlegare hadde vore gjenom fleire rundar i systemet.

I fleire av sakene var Hege Nilsen Torghatten (MDG) aleine om å stemma mot å gje dispensasjon.

– Ikkje gjort jobben vår!
I Arbeiderpartiet i Askøy er det delte meiningar om dispensasjonssøknadar:

– Den nye koalisasjonen har skore ned på talet på dispensasjonar. Om vi i ettertid gjev dispensasjonar frå utnyttingsgraden, har ikkje vi som politikarar gjort jobben vår, hevda Elsa Benjaminsen, saksordførar for Kleppestøplanen og Clarke si partifelle, på folkemøtet om Kleppestø nyleg.

Les: – Dei vil køyra heilt til nattbordet

Kan hende lett for Benjaminsen å seia? Ho er ikkje medlem i planutvalet.

Synfaringa avgjer
Paragrafar og reglar i saksutgreiinga seier ein ting. Når Utval for teknikk og miljø dreg på synfaring, får medlemmane ofte eit anna inntrykk, framkom det i møtet.

Utøva skjøn
– Synfaringa gjer at vi får eit visuelt grunnlag til å utøva skjøn, forklarte Rosalind Fosse (FrP). Saman med partikollega Vigdis Helene Skogheim og dei to representantane frå Høgre stemte ho for dei aller fleste av søknadane.

Fleirtalet av sakene har tidlegare vore utsette for befaring, avdi medlemmane ikkje har klart å sjå for seg korleis dei omsøkte tiltaka vil ta seg ut i terrenget.

Lovar å varsla alle
Synfaringar vil utvalet halda fram med. Heretter vil dei likevel passa på å varsla alle aktuelle partar i forkant, slik at dei kan møte poltikarane og gje sin versjon, lova Knut Natlandsmyr, fagsjef or areal og samfunn.

Les: Druknar Straumsundet i informasjon

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s