Entrepenør var habil

Inge Lerheim, entrepenør og medlem i Utval for teknikk og miljø i Askøy (AL), vart vedteken å vera habil då utvalet behandla søknad om dispensasjon frå reguleringsplanen for Skarholmen.

Å ha utført eit arbeid seier ingenting om framtidige oppdrag, meinar UTM i Askøy og vedtok at entrepenør Inge Lerheim var habil.
Å ha utført eit arbeid seier ingenting om framtidige oppdrag, meinar UTM i Askøy og vedtok at entrepenør Inge Lerheim (AL) var habil.

Som entrepenør hadde Lerheim utført oppdrag i tilknyting til reguleringsplanen. Eit oppdrag som for lengst var avslutta, ifølgje han sjølv. Då dispensasjonssøknaden kom opp, bad han likevel utvalet vurdera korvidt det tidlegare oppdraget innebar at han ikkje var habil til å behandla dispensasjonssøknaden.

Ikkje sakshandsamar
– Sjølv om Lerheim har gjort eit arbeid, har han ingen interesse i planen. Det er viktig å få fram at det er eit skilje mellom å ha vore sakshandsamar og det å ha gjort eit arbeid, argumenterte Arild Raftevoll (V).

Roger Fauskanger (AL) meinte at det utførte arbeidet ikkje seier noko om framtidige oppdrag, og at Lerheim difor var habil.

Ingen grunn til å tru
For sikkerhets skuld valde utvalet å konsultera ein jurist frå administrasjonen:

– Lerheim har gjort ein jobb. Den er avslutta, og det føreligg ikkje noko kontraktstilhøve i dag. Det er difor ikkje grunn til å tru at han vil få avtale om noko nytt oppdrag. Nye oppdrag vil verta konkurranseutsette, og då vil Lerheim stilla på lik linje, argumenterte den konsulterte juristen.

Ei vid tolking
– Om vi trekkjer det veldig vidt, vil Lerheim ha interesse i einkvar plan og eitkvart oppdrag her på Askøy, med det vert å trekkja det veldig vidt, avslutta juristen.

Så vidt fann ikkje utvalet det ønskjeleg å trekkja grensene for inhabilitet i Askøy kommune.

-Eg reknar med at Lerheim har oppdrag over heile Askøy, men finn det betryggande å ha fått eit svar, oppsummerte Rosalind Fosse (Frp).

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.