Får fram det beste i sangiovese

Takka vera prinsesse Coralia Pignatelli (77) har Castell’in Villa lenge vore rekna mellom dei mest anerkjente produsentane av Chianti Classico.

Coralia Pignatelli (77) har gjort sangiovese-vinane frå Castell'in Villa til dei framste i Toscana.
Coralia Pignatelli (77) har gjort sangiovese-vinane frå Castell’in Villa til dei framste i Toscana.

Siste tiåra er italiensk vinproduksjon driven fram med fleire sterke, kunnskapsrike kvinner i teten.

Les: Nebbiolos døtre

Prinsesse Coralia Pignatelli – ho gifta seg til prinsessetittelten – valte å læra seg vinproduksjon frå grunnen av då ektemannen uventa døydde frå den nyinnkjøpte vingarden like nordaust for Sienna i Toscana. Nærare 40 år seinare byr ho på nokre av Italias mest kjende vinar.

– Eg veit ikkje kvar åra har blitt av, smilte Pignatelli då Tunnelsyn møtte henne på ei vinsmaking i Bergen.

Meistrar alle oppgåver
– Du må sjølv vita korleis du vil ha det, før du kan få andre til å utføra arbeidet, forklarar prinsessa den bratte læringskurven.

Framleis er barnlause Pignatelli overhovud for den 15 person sterke vinprodusenten. Ikkje berre deltek ho i arbeidet i vingarden, ho er kjellarmeister og internasjonal marknadsførar også. Heile produksjonen er økologisk.

Sangiovese
På den 300 mål store Castell’in Villa – ein mellomstor gard etter italienske tilhøve – er vel 50 mål planta med vinstokkar, hovudsakleg sangiovese. Berre dei beste druene frå dei 40 – 60 år gamle vinstokkane vert nytta i eigen produksjon.

Sangiovese er ei drue som ikkje berre toler, men som beint fram vert betre av å lagrast, meinar Pignatelli. Jamnt over lagrar ho vinane sine nokre år lenger enn naboane før ho slepp dei på marknaden, rekk ho å fortelja før ho byr på smaksprøvar frå eigen kjellar…

Castell’in Villa La Gazzara Rosato Toscana 2015 (2207501 TU), kr. 179,90, er unnataket som bekreftar påstanden om lenge lagra vinar. Laga på 100 prosent sangiovese. Kort gjæringstid saman med drueskalet gjer vinen lys rosa i glaset, med eit imøtekomande preg av syrlege kirsebær, blomar og urter. Drikk no.

Castell’in Villa Chianti Classico 2012 (4992501 BU), kr. 229,90. Laga på 100 prosent sangiovese. Etter ei kort gjæring på ståltankar, har vinen fått modnast på store eikefat i eitt år. Fire års modning på flaske har produsert ein kompleks og konsentrert vin med blåraud farge. Aroma av kirsebær, blåbær og krydder.

Castell’in Villa Chianti Classico Riserva 2009 (186301 BU), kr. 430,-. Bruk av utvalde sangiovesedruer, modna fire år på store eikefat, har resultert i ein vin med preg av moreller, morellsteinar og krydder. Konsentrert smak. Kan lagrast 3 – 5 år.

Castell’in Villa Chanti Classico Riserva 2008 (9523701 BU), kr. 430,-. Produsert på same vis som 2009-årgangen, er dette ein svært ulik og langt meir kompleks vin som viser skilnadane årgangane i mellom.

Djup raudbrun i glaset. Aroma av fullmodne moreller, plommer og krydder.

Castell’in Villa Poggio Delle Rose 2008 (186101 BU), kr. 560,- er laga av druene frå ei einskildvinmark som ein gong var elvebotn. Restar av fossile muslingar i jordsmonnet gjev vinen ein undertone av mineral og sjø. Lagra 18 månadar på små franske eikefat.

Mørk raudbrun i glaset, med aroma av plommer, krydder og sjokolade, er dette ein vin til å nyta framfor peisen ein kald vinterkveld. Klarar du venta, vert han enno betre om eit tiår eller så.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s