Kommuneadvokaten vil tetta hol i Forvaltningslova

Forvaltningslova seier lite om kva som skal til for at eit kommunalt vedtak skal kjennast ugyldig. Lova er heller ikkje tydeleg på kva som kan definerast som myndigheitsmisbruk.

sjangerbilde lover 200Sentrale tilhøve i tilknyting til ivaretakinga av rettstryggleiken til innbyggjarane i samband med offentleg sakshandsaming er ikkje lovfesta i Forvaltningslova, framkjem det av ein høyringsuttale skriven av kommuneadvokat Dag-Heine Bjørndal i Fjell.

Førebur lovrevisjon
Forvaltningslova styrer all sakshandsaming i det offentlege. I samband med 50-årsjubileet i 2020 er det nedsett eit offentleg utval som skal førebu ein revisjon av lova. Kommuneadvokaten i Fjell har samla og oppsummert erfaringane frå vekstkommunen Fjell i ein høyringsuttale som skal behandlast i Komite for Drift og forvaltning.

Lang erfaring
Kommuneadvokaten kjenner temaet godt. Han har arbeidd med ei rekkje saker der det må vurderast korvidt eit vedtak er ugyldig. Uttalen byggjer også på tilbakemeldingar frå Plan- og utbyggingsavdelinga, NAV og barneverns-tenesta.

Les: Dispensasjonar i kø

Plan- og byggjesaker
Dagens uklare regelverk opnar for at terskelen for ny behandling i plan- og byggjesaker kan variera frå kommune til kommune, mellom anna avhengig av kapasiteten på den einskilde plan- og byggjesaksavdelinga, melder Plan- og utbyggingssjef Berit Rystad.

– Læra om kva som skal til for at eit vedtak vert ugyldig er for det meste ikkje-lovfesta, skriv Bjørndal i saksutgreiinga.

Ikkje-lovfesta
– Skrivne reglar for konsekvensen av brot på forvaltningslova sine reglar for sakshandsaming finst nesten ikkje i lova. Det same gjeld læra om myndigheitsmisbruk, legg kommuneadvokaten til.

Tvil om slike spørsmål må i dag avgjerast ut frå rettspraksis og juridisk litteratur.

Større rettstryggleik
– Reglane bør skrivast inn i lova. Ei slik kodifisering vil gje større rettstryggleik for publikum, skriv Bjørndal.

Bjørndal peikar særleg på tre tilhøve der han meinar lova med fordel kan presiserast:

Påkravde presiseringar
Reglane for revurdering og omgjering av tidlegare vedtak bør verta tydelegare.

Læra om kva som skal til for at eit vedtak vert ugyldig bør skrivast inn i lova som ein regel.

Dagens reglar for omgjering av eigne vedtak bør ryddast opp i, foreinklast og gjerast betre forståelege.

Les: Druknar Straumsundet i informasjon

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.