Liegruppen verdset fiskekvotane til 436 millionar

Den immatrielle verdien av fiskekvotane til Liegruppen AS tilsvarar heile den bokførte eigenkapitalen i konsernet, ifølgje rekneskapen for fjoråret.

Fiskefartøy på Liaskjæret
I 2015 utgjorde fiskeri framleis hjørnesteinen i Liegruppen AS. Libas, Liegrunn og Liafjell til kai på Liaskjæret i desember er blitt eit historiske bilete.

Eigedomsutvikling og bilsal er i ferd med å overta som kjerneaktivitetar i det tradisjonsrike fiskebåtrederiet på Liaskjæret.

Les: Basen på Liaskjæret

Samla driftsinntekter i konsernet i 2015 utgjorde 322 millionar kroner, ein auke på 22 prosent samanlikna med året før. Inntektene frå fisket utgjorde aleine 182 millionar kroner. Nær halvparten av inntektsauken kom som følgje av auka fangst og betre prisar på sild, makrell, lodde og andre fiskeslag som Liegruppen har fangstkonsesjonar for.

Fiskekvortar

Peder O. Lie
4. generasjon fiskebåtreiar, Peder O. Lie (68), styrer framleis Liegruppen AS med fast hand.

Fiskekvotane til dei tre fiskefartøya Libas, Ligrunn og Liafjord er samla i dotterdottera Libas AS og vert i rekneskapen bokført som ein immatriell eigendel tilsvarande 436 millionar kroner. Verdien på fiskekvotane tilsvarar heile eigenkapitalen i konsernet.

Libas vart levert i 2004 og er ein kombinert ringnotfartøy og trålar, med ein netto tonnasje på 1313 tonn.

– Libas er eitt av dei største fiskefartøya i Norge. Fartøyet er byd for framtida og dimensjonert for andre rammevilkår og krav enn dei den pelagisk flåten har i dag, skriv Liegruppen AS på heimesidene sine.

Kontroversiell kvotehandel
Handel med fiskekvotar, der store reiarlag kjøper opp og kondemnerer små fartøy for å sikra seg fartøya sine kvotar, er eit omdiskutert tema som vil verta teke opp i Regjeringa sin Havstrategi. Kritikarane meinar ordninga bidreg til å gjera det vanskeleg for ungdom som ønskjer å etablera seg som fiskarar.

Dagleg leiar og styreleiar Peder Lie i Liegruppen har i andre samanhangar teke til orde for at den norske kvoteordninga i dag har for mange begrensningar for reiar som ønskjer å tenkja stort.

Utbyte
Høge rentekonstnadar medførte at resultat før skatt i konsernet enda på 46 millionar kroner, ei forbetring på heile 20 millionar.

Då var det alt teke utbyte på til saman 57 millionar frå Ågotnes Servicesenter, Liegruppen Eiendom og Lieco Auto.

Samla verdiar i Liegruppen AS konsernet utgjorde ved årskiftet 1,238 milliardar kroner. Gjelda er på 803 millionar, ein auke på 8 prosent samanlikna med året før.

Omdiskutert
Verdifastsetjing av immatrielle eigedelar er eit komplisert og mykje omdiskutert tema innan rekneskapsføring. Ifølgje rekneskapsreglane NRS(F) er det eit vilkår at eigedelane må vera identifiserbare og at dei representerer framtidige økonomiske fordelar som foretaket kan forventa å realisera. Fangsrettar er døme på ein slik immatriell verdi.

Tunnelsyn har ikkje klart å få kontakt med dagleg leiar og styreleiar Peder Lie.

Liegruppen AS – nøkkeltal konsern (i millionar)
                                           2015        2014        % endring
Driftsinntekter                       322         264,8            21,6
Driftsresultat                          70,5          49,4            42,7
Resultat før skatt                    46            26,7             72,2
Eigenkapital                         435,3          402                8,2
Gjeld                                       803           741,9              8

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.