Sund lagar omsorgssenter i Skogsskiftet

No skal det verta fart i bygginga av dei 20 nye omsorgsbustadane for eldre i Skogsskiftet. Går det som Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling håpar og trur, vert det anleggsstart alt på nyåret.

- Her kjem omsorgsbustadane, viser dagleg leiar Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling.
– Her kjem det 20 omsorgsbustadar, viser dagleg leiar Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling.

Sund kommune er i ferd med å etablera eit omsorgssenter i Skogsskifte. 20 nye omsorgsbustadar øyremerkja eldre skal plasserast på tomten mellom Sundheimen og psykiatribustadane, seier dagleg leiar Nina Glesnes i Sund Eigedomsutvikling KF til Tunnelsyn.no

Nybygget vil verta i to etasjar, og er teikna av Opus AS.

Mange heimebuande eldre
Sund har mange eldre som bur heime. Kommunen har likevel hatt få omsorgsbustadar å tilby denne gruppa.

– Dette vert eit etterlengta tilbod for eldre som ønskjer å bu nær til lækjar, fysioterapeut og dei andre offentlege tenestene i Skogsskiftet. Her kjem dei dessutan tett på både buss og handlesenter, seier Glesnes.

Positivt med konsentrasjon
Eigdeomsutviklaren i Sund ser det som berre positivt å få til ein konsentrasjon av denne typen bustadar på ein stad:

-Å bu saman med andre i same situasjon gjev tryggleik for dei eldre og vil føra til mindre einsemd enn om dei hadde site aleine i eit tungdrive hus ute i kommunen. Det letter også oppgåva for heimesjukepleien, tenkjer Glesnes.

Lang planlegging
Tiltaket har vore under planlegging lenge. Det politiske vedtaket vart gjort alt i 2015, men først no er alle praktiske spørsmål i tilknyting til tomten avklart og teikningane klare, seier Glesnes.

Noko av utfordringa har vore at fortettinga av denne delen av sentrumsområdet måtte avklarast i forhald til rulleringa av områdeplanen for Skogsskiftet. Tilhøvet til den private eigaren av Sundheimen har eigedomsutviklaren derimot overlate til administrasjonen i Sund kommune å avklara.

Største einskildprosjektet
– Dette vert det største einskildprosjektet til Sund Eigedomsutvikling nokon gong, seier ein nøgd dagleg leiar som planlegg å lysa ut anbodet utpå seinhausten. Vonaleg vert det anleggstart tidleg på nyåret.

Antyda noko om kostnadane ønskjer Glesnes likevel ikkje å gjera:
– Vi håpar å dra fordel av at det er få slike store prosjekt på marknaden om dagen, seier Glesnes.

Les: Skrinlegg kontroversiell omsorgsinstitusjon

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s