The Real Boss

Knut Olav Åmås har grave djupt i det norske samfunnet for å avsløra den nasjonale makteliten. Seg sjølv hoppar Fritt Ord-direktøren galant over.

Makt - eg? det får andre avgjera, sa Knut Olav Åmås under lansering av "Makteliten". Foto: NRK.
Makt – eg? Det får andre avgjera, sa Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås under lanseringa av «Makteliten». Foto: NRK.no.

Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås er redaktør for boka ”Makteliten” som vart lansert i dag. Her namngjev han 252 nordmenn som dei mektigaste i landet. Dei 25 aller mektigaste vert presentert for seg.

Makt i det skjulte
– Mange makthavarar utøver makt best i det skjulte. Mange vil difor verta overraska over å finna eindel ukjende namn på lista, sa Åmås under lanseringa.

Å avsløra byråkratar i skuggen av leiande politikarar, næringslivsadvokatar, investeringsrådgjevarar og styregrossistar, har vore eit særleg mål for redaksjonen, fortalde Åmås.

Kven – eg?
Å vurdera seg sjølv og dei øvrige redaksjonsmedlemmane i denne samanhangen var uaktuelt, ifølgje Åmås.

Fritt Ord-direktøren, tidlegare statssekretær for kulturminister Thorhild Widvey og debattleiar i Aftenposten, forlot Kulturdepartementet for å ivareta og fremma ”eit prosjekt han hadde stor tru på” – nemleg Høgreregjeringa si einsretting av Norge.

Kven sitt mangfald?
Under dekke av å ønskja mediemangfald, vert det rom for å outa Prøysen som homofil. Og sjå på Snåsamannen og Bjørn Eidsvåg!

Nye digitale medieaktørar som ønskjer å setja søkjelys på den lokale makteliten får derimot nei til støtte frå Fritt ord.

Falskt flagg
Schibsted-pressa får sementera noverande makttilhøve med Fritt Ord-direktøren sitt stilleteiande samtykke.

Åmås sjølv utøver makt best under falskt flagg!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.