– Habilitetsreglane bør endrast

Reglane for kven som er habile til å behandla saker i offentlege råd og utval bør oppdaterast og konkretiserast.

Andreas Sjald Unneland (SV) ønskjer å styrka lokaldemokratiet i ein ny kommune.
Andreas Sjalg Unneland (SV) i Komite for Drift og forvaltning vil ha oppdatert og konkretisert reglane for kven som er inhabile til å behandla politiske saker i offentlege råd og utval.

Ein samrøystes Komite for Drift og forvaltning i Fjell tilrår kommuneadvokaten sitt forslag til endringar i Forvaltningslova.

Les: Kommuneadvokaten vil tetta hol i Forvaltningslova

På eige initiativ tok komiteen opp spørsmålet om kven som er inhabile til å behandla saker i offentlege råd og utval.

Vanskeleg punkt
– Dette er eit vanskeleg punkt i lova. Reglane vert ikkje praktisert, medgav komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H), som også er eigedomssjef, styrerepresentant og minoritetsaksjonær i Sartor Senter.

-Inhabilitetsrelane i Forvaltningslova bør oppdaterast og konkretiserast, føreslo Andreas Sjalg Unneland (SV).

Leiande posisjonar
Lovutvalet bør særleg vurdera ordlyden i §6.2, fekk Einarsen komiteen med seg på å føreslå.

Forvaltningslova §6.2 omhandlar personar som har leiande posisjonar i selskap, styre eller generalforsamling i verksemder som er part i saker som vert behandla. Slike personar er inhabile til å leggja til rette grunnlaget for ei avgjerd, eller treffa avgjerd i ei forvaltningssak, ifølgje dagens lovverk.

Forslaget vart samrøystes vedteke som eit tillegg til kommuneadvokaten sitt framlegg.

Heitt tema
Inhabilitetspørsmålet har i dei seinare åra vore eit heitt tema fleire saker i kommunestyret i Fjell. I arbeidet med ny arealplan for 2015 – 2019 vart tre av opposisjonen sine folkevalde utestengd frå den politiske arbeidsgruppa, med grunngjeving om at dei hadde store eigeninteresser i utfallet av planen.

Les: Alle er like for Forvaltningslova

Ei tilsvarande sak var nyleg oppe Utval for teknikk og miljø i Askøy.

Les: Entrepenør var habil

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s