Sender pensjonistar på handletur til Sartor

Eldre i Fjell skal i haust få tilbod om servicebuss frå heimen til Sartor Storsenter kvar torsdag.

Tilbod om transport er viktig for at eldre skal kunna bu heime lenger. Foto: Lions.
Tilbod om transport er viktig for at eldre skal kunna bu heime lenger. Foto: Lions.

Fem bussar, med start på henhaldsvis Bjorøy, Turøy, Syltøy, Kallestad og Møvik, skal i haust sørgja for at eldre i Fjell som ønskjer det skal kunna dra på handletur med noko attåt på Straume.

Første turen går torsdag 8. september.

Bu heime
– Tilbod om transport er ein viktig faktor skal eldre kunna bu heime lenger, sa rådgjevar Svein Fjelland i Fjell kommune då han nyleg orienterte Komite for Drift og forvaltning om prøvetilbodet.

Sviktande helse, tap av livspartnar og tap av sertifikat medfører at mange av dei 550 fjellsokningane over 80 år ofte vert sitjande heime meir enn dei har noko ønskje om.

Les: Vil køyra heilt til nattbordet

Prøveprosjekt

Svein Fjelland i Fjell kommune ønskjer å nytta prøveperioden til å kartleggja eldre sine behov for transporttenester.
Svein Fjelland i Fjell kommune ønskjer å nytta prøveperioden til å kartleggja eldre sine behov for transporttenester.

Tilbodet er eit prøveprosjekt i samarbeid med Turbuss Vest, Frivilligsentralen og Fjell eldreråd, og vil i første omgang vara ut året.

Behovskartlegging
– Vi kjenner ikkje behovet for denne typen tenester. I prøveperioden vil det difor verta gjennomført ei kartlegging av kor mange som ønskjer å nytta seg av eit slikt tilbod på regulær basis, sa Fjelland.

Må tingast
Eit vilkår for å vera med – og for at rutene i det heile vert køyrte – er at dei eldre må ringja Frivilligsentralen og tinga bussen dagen før. Til gjengjeld kan dei som treng det verta henta på døra, og få hjelp til å få bært inn handleposane etter turen, lova Fjelland.

Det vil også vera plass til rullestol på bussen, har Tunnelsyn fått opplyst.

– Musikk i mine øyre

Utsikten til å få tilkøyrt fleire hundre eldre på handeltur kvar veke laud som musikk i øra på Sartorsjef og komiteleiar Ernst M. Einarsen
Utsikten til å få tilkøyrt fleire hundre eldre på handeltur kvar veke laud som musikk i øyra på Sartorsjef og komiteleiar Ernst M. Einarsen.

Tilretteleggjarane av transporttilbodet hadde valet mellom aktivitets- og kulturtilbod på Sotra Arena, og kultur- og handletilbod på Sartor Storsenter. Valet fall på Sartor Storsenter, fortalde Fjelland.

– Dette kling som musikk i øyra mine, kommenterte komiteleiar og Sartorsjef Ernst M. Einarsen.

Les: Vil endra habilitetsreglane

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s