Arbeidsløysa nær dobla i Øygarden

Arbeidsløysa held fram med å stiga i kommunane vestom Bergen. Mest dyster er utviklinga i Øygarden.

NAV logoMedan mange kommunar no kan gleda seg over at køen av arbeidslause krympar, haldt den negative utviklinga fram i tre av dei fire kommunane i region vest i august. Siste tala frå NAV viser at regionen er verre råka av utviklinga på arbeidsmarknaden enn resten av fylket og landet som heilskap.

Positiv utvikling i Askøy
Den positive utvikling i Askøy siste månaden vert motverka av ei forverring i Fjell, Sund og Øygarden.

Totalt er det no 1481 heilt ledige i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Det er 15 fleire enn ved utgangen av juli, og heile 117 fleire enn til same tid i fjor.

414 fleire enn i fjor
Både i Fjell og Askøy er det relativt mange på tiltak. Tek vi dei med i statistikken, aukar køen til 1628 personar. Tala frå NAV viser at totalt 414 fleire no står utan arbeid i kommunane våre enn til same tid i fjor.

Øygarden
Mest dyster er den langsiktige utviklinga i Øygarden. Øygarden er no den kommunen i Hordaland som har høgast arbeidsløyse. 139 heilt ledige ved månadsskiftet var sju fleire enn ved utgangen av juli og inneber at 5,7 prosent av arbeidsstyrken i kommunen no står utan inntektsgjevande arbeid.

Sidan utgangen av august i fjor har talet på heilt ledige i kommunen auka med 63 personar, eller heile 83 prosent. Berre Etne og Fedje kan visa til ei tilsvarande forverring, men der er den prosentvise arbeidsløysa framleis markant lågare enn i Øygarden.

 Kommune Heilt ledige
31.8.2016
% arbeids-styrken På tiltak Heilt ledige
30.7.2016
Heilt ledige
31.08.2015
Fjell 648 4,8 65 628 479
Sund 154 4,4 20 149 145
Øygarden 139 5,7 8 132 76
Askøy 540 3,7 54 557 423
Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.