Full meny frå Vest

Kortreiste matprodusentar frå Fjell, Øygarden og Askøy har spiskammerset fullt etter sommaren. Denne helga tilbyr dei full meny til dei besøkjande på Bergen Matfest.

Ingvald Andreas Kårbø frå Hatten Bigard i Øygarden testar marknaden for syltetøy laga av havsalta rabarbra frå Lyngøy sukra med blomsterhonning.
Ingvald Andreas Kårbø frå Hatten Bigard i Øygarden testar marknaden for syltetøy laga av havsalta rabarbra frå Lyngøy sukra med blomsterhonning.

Bergen Matfest og Ølfestival byrjar å verta ein tradisjon. Eit hundretals mat- og ølprodusentar møtes denne helga på Koengen og Bergenhus for å by på eigne produkt og informera om tenestene sine.

I vrimmelen finn vi ei handfull lokale matprodusentar av det kortreiste slaget som har spiskammerset fullt etter sommaren.

Brød, pålegg, middag og dessert
Saman byr dei på ein fullverdig meny med brød, pålegg, middag og dessert.

Dagen får ein fin start med brød frå Urtemakeriet Kulturbakeri eller Bakstehuset på Ask. Som pålegg kan du velja mellom Strilalam si fårepølse, Eldhusrøykeriet sin røykte laks eller makrell. Dei som foretrekkjer søtt, kan velja mellom syltetøy frå Hatten Bigard og Honning frå Skjold Bigard.

Hatten Bigard testar marknaden med nylaga syltetøy av havsalta rabarbra frå Lyngøy, sukra med blomsterhonning.

Middag

Den gamle Øygardsbåten Vestgard tilbyr skillingsbollar og betasuppe i ein rommeleg salong.
Kyltkulturnostalgi. Ombord i den gamle Øygardsbåten Vestgard kan du nyta skillingsbollar og betasuppe i ein rommeleg salong.

For dei som vil laga middagen sjølv tilbyr Strilalam nyslakta villsau. Eldhusrøykeriet sin røykte fisk passar glimrande både som forrett og hovudrett.

Desserten kan du velja frå Urtemakeriet eller Bakstehuset.

God plass i salongen
Vil du derimot ha middagen ferdig servert, freistar Cornelius med kamskjell og purreløksuppe.

Vestgard har teke turen til Byd’n eins ærend for å servera skillingsbollar og betasuppe. Gamle Øygardsbåten har god plass i salongen om regnbygene kjem for tett.

For bra til å regna vekk
Den regntunge starten la ein dempar på besøket første dagen. Her er det berre å finna fram regntøy og paraply. Slike tiltak er for bra til å regna vekk!

Les: Kortreist matmarknad

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.