Vil læra kvinner å elska konjakk

Kvinner er gode på det med lukt og smak. Likevel er dei lite frampå i forum der konjakk står i sentrum. Det vil Kjetil Hansen gjera noko med.

Konjakk kjem i mange variantar. Konjakk-misjonær Kjetil Hansen viser eit lite utval.
Konjakk kjem i mange variantar. Konjakk-misjonær Kjetil Hansen viser eit lite utval.

Saman med kompanjong Nils Henriksen i Hansen & Henriksen Events AS med adresse Våge, står Kjetil Hansen bak årets Cognac Expo i Bergen. Heile 41 konjakkprodusentar har lova å stilla på det arrangørane hevdar er verdas største konjakkmesse. Til gjengjeld har Hansen & Henriksen som mål å fylla SAS-hotellet på Bryggen med 750 betalande publikum.

Konjakk-misjonær
Faglege foredrag med smaksprøvar, sokalla Master Classes, vil utgjera ein sentral del av programmet. Her vil publikum få møta ulike produsentar og få ei innføring deira produkt, alt frå VS, via VSOP og XO til 50 – 60 år gamle XO Vintage, lovar Kjetil Hansen.

Sjølv er han kvalifisert som Cognac Educator i regi av det franske fagforumet BNIC.

– Konjakk-misjonær er ei passande oversetjing, smilar han breidt.

God konjakk skal delast
Nytt av året er to føredrag særleg mynta på eit kvinneleg publikum, fortel Hansen.

– Ein god konjakk skal delast. Desse klassane har tema vi håpar skal nå eit breiare publikum. Målet er å få kvinner til å verta nyfikne på konjakk. Samstundes håpar vi at dei kvinnene som kjem til Bergen saman med partnaren sin i anledning messa vil få auka forståing for hobbyen til partnaren, seier Hansen.

Coctails
Første føredraget vil ta for seg konjakk som ingrediens i coctails.

– Deltakarane vil læra seg å laga drinkar med konjakk ved å tilsetja einkle ingredisensar, som lime og ingefær. Bartendaren Reinhart Pohorec er henta inn frå Austerrike for å læra damene å blanda drinkar som vil falla i smak også hos dei som ikkje drikk konjakk til vanleg, lovar Hansen.

– Dette skal vera coctails som deltakarane kan laga heime sjølv i etterkant av messa. Alle ingrediensane skal verta einkle å få tak i.

Sjokolade
Konjakk har eit naturleg smaksspekter som går frå mandlar via appelsin, aprikos, kanel og kaffi til kandisert frukt. At konjakk og sjokolade difor høyrer saman, er Kjetil Hansen den første til å skriva under på.

Cognac Educator Lauranie Nonotte kjem frå Paris for å gje råd om kva typar sjokolade som passar til konjakk.

Kvar av klassane har plass til 50 deltakarar. Gründerane i Henriksen & Hansen Events har skapt ein møteplass for skandinaviske konjakk-elskarar. Dagane fram til 22. oktober vert nervepirrande inntil dei veit kor mange som takkar ja til tilbodet om å treffa likesinna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s